Hopp til innhold

Arne Brimi skal vere mentor for lokalmatprodusentar

Det er ingen kven som helst som skal inspirere og kurse produsentar av lokalmat i Sogn og Fjordane.

Arne Brimi

MENTOR: Arne Brimi fortel at han vart halden til narr då han snakka om kortreist mat på 80-talet. I dag vil Coop bruke han som mentor i den stadig veksande marknaden av lokalmat.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Den landskjende kokken frå Vågå var i dag på Byrkjelo for å kaste glans over nyopninga av Coop Vest sitt flaggskip i satsinga på kortreist mat, spesialbutikken Bakar Jon.

Men Brimi er hyra inn for langt større oppgåver enn å kaste glans, fortel administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe.

Adm.dir. i Coop Vest, Geir Espe (t.v.) og Øyvind Lending i Solund Mat.

KREMMARAR: Administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe (t.v.) saman Øyvind Lending i Solund Mat. Sulingane er ein av produsentane som har fått plass i Coop sitt sortiment av lokale matvarer.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Vi ønskjer å gi meir hjelp til produsentane.

– Vi har inngått ein avtale om samarbeid med Arne Brimi. Først og fremst skal han vere ein mentor for oss. Han skal vere inspirator, men vi skal og bruke han til litt opplæring av dei tilsette, forklarar Espe til NRK.

– Berre starten

Sjølv er Espe sjef for ei bedrift som sel lokalmat for kring 50 millionar kroner i året. Coop ser for seg at dette talet berre vil vekse i framtida.

– Vi ser no berre starten på lokalmaten sin plass i matfatet vårt, seier Espe.

– Det vi synest er veldig kjekt, er at vi ser at fleire produsentar vert større. Dei torer å satse, då dei ser at det vert omsetnad ut av det. Vi har oppnådd noko når vi klarer å skape arbeidsplassar og lønsemd i alle ledd.

Vil ikkje stå på gatehjørna

Er det slik at det løner seg for produsentane å drive med lokalmat? Eller er det framleis slik at dei må legge ned veldig mykje arbeid utan å få pluss på botnlinja?

– Det har vore utfordringa før. Eg har sagt før at eg ikkje har tru på at ein skal stå på eit gatehjørne av og til. Vi må gjere produkta tilgjengelege, og det gjer vi ved å gi plass i lokalmat i butikkane våre.

Vart gjort narr av

Sjølv er Brimi berre glad for at han får lov til å vere med og hjelpe fram lokalmaten i Sogn og Fjordane.

– Eg har smakt i heile dag. Det er så mykje godt. Det er heilt fenomenalt at verda skulle bli slik, smiler han.

– Det hadde du kanskje ikkje trudd då du starta opp på Lom?

– Eg hugsar eg brukte eit midt på 80-talet; kortreist mat. Då gjorde alle narr av meg. Landbruket, kokkane og bransjen gjorde narr av meg. Eg vart så lei meg.

– Har ikkje lært av mor si

No, derimot, opplever kjendiskokken frå Ottadalen ei heilt anna tid.

– Det er dette Norge trenger. Samfunnet vårt har kome til eit skjeringspunkt der vi ikkje kan effektivisere eller industrialisere meir. No vil vi ta att noko vi har tapt. Det fine eg høyrer no er at unge jenter samlar seg for å lage lammefrikassé. Men det har dei ikkje lært av mor si, det var bestemora som gjorde det. Slike historier er fenomenale.