Hopp til innhold

Har selt lokalmat for 50 millionar

Lokalprodusert mat er i vinden som aldri før. Coop Vest har auka salet av lokalmat med 30 prosent i 2016, og produsentane får ikkje laga nok.

Geir Espe

NØGD: Administrerande direktør Geir Espe i Coop Vest.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi selde til dømes 600 smalehovud frå Solund mat i fjor. I år har vi selt nesten 2000, fortel administrerande direktør Geir Espe.

– På Nordfjordeid prøvde vi å lage ein eigen, liten butikk med lokalmat til jul. På fem veker selde vi for varer for 800 000 kroner, seier Espe.

Ikkje nok

Faktisk klarar ikkje dei lokale produsentane i Sogn og Fjordane å produsere nok. Til dømes hjå Bakar Jon på Byrkjelo.

– Der lagde dei 600–700 boksar med julekaker, men vi kunne selt fleire tusen om dei hadde klart å produsere meir, fortel Espe.

Klassiske juleprodukt som lefse, flatbrød, natronkake, sylteflesk og fårerull var omtrent tomt hjå produsentane eit stykke inn i desember.

– Vi hadde ikkje forventa ei slik auke. Men det er kjekt å sjå at fleire produsentar no er opptekne av å skaffe nok varer. Vi har mange flinke lokalprodusentar i fylket. Og forbrukaren er villig til å betale litt meir for lokalprodusert mat, fortel Espe.

Geir Espe

GLISER: Administrerande direktør Geir Espe klarar ikkje å skaffe nok lokalmat som dekker etterspurnaden.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

For nokre år sidan tenkte Coop Vest at dei ville satse på dei lokale produsentane. Espe vedgår at det gjekk trått til å byrje med, men at det no tek av.

Espe trur veksten vil fortsette. Ikkje berre til julekundar, men også innan den store turistmengda som vitjar fylket.

– Eg trur dette berre veks. Viss vi klarer å produsere dei varene vi manglar er potensialet både til auka produksjon og fleire arbeidsplassar ganske stort, trur Espe.

Øl er populært

Gro Tveit Sveen frå Bondens marknad seier salet hjå dei har vore stabilt.

– Vi har vore litt færre utstillarar i år og omsetninga har gått ned. Men snittsalet per produsent per marknad er det same som i fjor, fortel Sveen.

– Ho er samd med Espe i at det er enkelte produkt som framleis vantar på marknaden, som lokalprodusert pinnekjøt.

– Vi jobbar heile året med å finne fleire produsentar, seier Sveen.

Geir Espe seier at eit av dei mest populære lokalprodukta i år har vore havrekjeks, som dei har seld for 1,2 millionar kroner. Men lokale ølvariantar har også skote fart.

– Kjøper folk lokalprodusert mat som gåve?

– Det trur eg mange gjer. Lokalprodusert mat kan gjevast til mange, seier Espe.