Hopp til innhold

Ap vil ikkje stoppe fusjonen med Hordaland

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil likevel ikkje stoppe samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Åshild Kjelsnes valdebatt 2015

FRAMOVER: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil ikkje setje intensjonsavtalen med Hordaland i fare.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Arbeidarpartiet var i si tid med å sikre fleirtal i fylkestinget for ei samanslåing, men i juni snudde dei og vedtok at dei ikkje lenger støtta regionreforma. Ei av grunngjevingane for snuoperasjonen var at Sogn og Fjordane ikkje hadde fått nok oppgåver i det nye vestlandsfylket.

Men no har pipa fått ein annan ly. Til Bergens Tidende seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) at partiet heller vi sjå framover og forhalde seg til realitetane. Kjelsnes trur nemleg at Senterpartiet neppe vil få fleirtal i Stortinget for å oppheve vedtaket.

– Vi må ivareta interessene vår. Det gjer vi best ved å forhalde oss til realitetane. No må vi sjå framover, seier Kjelsnes til avisa.

Senterpartiet vil ta opp saka i fylkesutvalet i dag. Aleksander Øren Heen seier til NRK at dei jobbar med eit forslag som dei vil fremje på møtet i dag. Målet til Sp er framleis å først få med seg fylkestinget på eit vedtak som skrinlegg samanslåinga med Hordaland, før dei vil ta saka vidare til Stortinget.

Kjelsnes vil heller vere med på ein tekst som kjem med kritikk av prosessen. Ho understrekar at det ikkje er aktuelt for Ap sin del å fremje forslag som set intensjonsavtalen med Hordaland i fare.

NRK har i dag prøvd å få tak i både Ap-leiar Hilmar Høl og Åshild Kjelsnes, men har så langt ikkje lukkast med det.