NRK Meny
Normal

Arbeidarpartiet snur om fylkessamanslåing

SKEI (NRK): Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har ombestemt seg, og vil ikkje lenger gje si støtte til regjeringa si regionreform.

Hilmar Høl

HAR SNUDD: Sogn og Fjordane Arbeidarparti har snudd, og støttar ikkje lenger regjeringa si regionreform.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Den gongen regjeringa kjem med noko som svungar litt meir, så er vi positive. Per i dag er vi ikkje der, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap Hilmar Høl.

Arbeidarpartiet var med å sikre eit fleirtal i fylkestinget for ei samanslåing mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. No har dei snudd, og i dag vedtok eit representantskapsmøte med 59 mot 10 røyster at dei ikkje lenger støttar regionreforma.

Eit av dei store ankepunkta Ap har hatt mot regionreforma, er at vilkåret om at fylkesmannen skulle til Sogn og Fjordane ikkje er innfridd. I førre veke vart det klart at det no er innfridd, men det er ikkje nok for Ap.

– Det er bra at vi får fylkesmannen her til fylket, men det er ikkje nok. Vi meiner at dei nye storfylka må ta hand om fleire oppgåver enn dagens fylke, og der har ikkje regjeringa innfridd, seier Høl.

Les også: Sponheim vert fylkesmann for Vestlandet

Signering

VART SAMDE: Sogn og Fjordane vart samde om å slå seg saman, men no er ikkje lenger Arbeidarpartiet for ei samanslåing.

Foto: Mette Anthun / NRK

Positiv til samanslåing

Høl understrekar at Arbeidarpartiet framleis stiller seg positiv til ei mogleg samanslåing ein gong i framtida. Dei er likevel negative til å gjere eit vedtak per dags dato.

– Vi er i utgangspunktet positive, men regjeringa har ikkje levert, og difor snur vi no.

Kva seier du til dei som meiner at dette berre er eit valkamputspel, sidan det uansett er fleirtal i Stortinget for ei samanslåing?

– Då vi i første omgang gjekk inn for ei samanslåing, var det delvis for å demme opp slik at det ikkje skulle kome eit tvangsvedtak mot oss. No ser vi at dei vilkåra fylkestinget stilte ikkje er innfridde. Då er det ikkje lenger ei frivillig samanslåing, då er det tvang.

Noralv Distad

UVENTA: Noralv Distad (Høgre) hadde ikkje venta at Arbeidarpartiet skulle snu i regionsaka

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette var veldig overraskande

Gruppeleiar for Høgre i Sogn og Fjordane Noralv Distad vert overraska då NRK fortel han om Arbeidarpartiet sitt vedtak.

– Det var veldig overraskande. Eg hadde ikkje trudd at dei skulle snu no som det er klart at vi får fylkesmannen til Sogn og Fjordane.

Distad trur likevel ikkje at vedtaket får nokre konsekvensar for prosessen vidare med samanslåing.

– Det er gjort eit vedtak i fylkestinget, og det er det Stortinget må forholde seg til. Dei kan ikkje forholde seg til noko anna, seier Distad.

Distad er ikkje imponert over Arbeidarpartiet sine argument for kvifor dei har snudd.

– Ap må forstå at dette tek tid, og at nye oppgåver til fylka er noko som kjem etter kvart.

Denne veka kan Stortinget gjere eit endeleg vedtak i regionreforma.