Hopp til innhold

– Det var digg å bli teken ut

Sist gong blei han historisk. No skal Anders Fannemel (27) frå Hornindal bruke juledagane til å lade opp til ny innsats i den tysk-austerrikske hoppveka.

Anders Fannemel i Lysgårdbakken etter prøvehopp

MOTIVERANDE: – Hoppveka er ein motivasjon for heile oppkøyringa og heile sommaren, seier Anders Fannemel.

Foto: Rune Fossum / NRK

I dag blei uttaket til den tradisjonsrike hoppveka i Austerrike og Tyskland kjent. Mellom dei seks som er sikra plass, er Anders Fannemel.

– Eg hadde forhåpningar, men det er fleire som hoppar bra så det blir ein kamp om den siste plassen. Det var digg å bli teken ut i dag, seier Fannemel til NRK.

Ladar opp heime

Fannemel seier sesongen til no ikkje har gått heilt som han har ønskt. Snart reiser han heim til Hornindal for å lade batteria før den intense hoppveka.

– Vi har hatt samling på Lillehammer i tre dagar, og har hoppa ein del her. Vi er ferdige med å hoppe i morgon, då blir det juleferie og å lade opp fysisk til vi reiser.

Til no i sesongen er ein sjuandeplass det beste resultatet til Fannemel.

– Eg har slite med å få ut dei beste hoppa i konkurranse, så det har ikkje gått heilt som eg hadde håpa på enno.

Prestisjefylt

Hoppveka blir i år arrangert for 67. gong i år Fannemel kallar renna dei mest prestisjefylte i hoppverda.

– Det er ein motivasjon for heile oppkøyringa og heile sommaren, så det er godt å bli teken ut så ein får moglegheit til å konkurrere der, seier 27-åringen.

– Det er ei heilt anna atmosfære. Det er stappfullt av tilskodarar og litt meir trykk rundt det vi gjer..

I fjor blei det ein historisk tredjeplass samanlagt for Fannemel. Det var også første gong ein utøvar frå Sogn og Fjordane kom på pallen i hoppveka. Han håpar å kunne vere med å kjempe om dei øvste plasseringane også i år.

– Eg har litt andre resultat å reise inn i hoppveka med i år. Så det er litt blanda, men eg håpar eg kan få ut nokre gode hopp og vonleg vere med å kjempe i toppen.

– Eg har ikkje vore heilt der eg skulle ønske, men ting har losna litt på trening no og eg har fått endra litt på teknikken. Eg håpar det gir gode resultat i Oberstdorf, seier han.

Blir valt torsdag

Fannemel er teken ut saman med Johann André Forfang, Robert Johansson, Daniel-André Tande, Andreas Stjernen og Robin Pedersen.

– Robin Pedersen sikra kvoteplass, og vi vel å fortsette med praksisen der den som sikrar kvoteplass også får sjansen i hoppveka. Robin har imponert kraftig i COC-opninga. De to sigrane i Finland viser ein tøff hopper som vi er veldig spent på å få sjå i hoppveka, seier landslagssjef Alexander Stöckl.

– Marius og Halvor kjemper om den siste plassen. De blir vurdert etter trening onsdag kveld og torsdag morgon. Først da landar vi den sjuande plassen på laget, fortel landslagssjefen.