Aluminiumsverka går så det susar

Verka går med millionar i overskot, men aluminiumsgiganten Hydro leverer svakare resultat enn venta.

Hydro Sunndal AS

HYDRO SUNNDAL: Hydro produserer aluminium i Høyanger, Årdal, Husnes, Karmøy og Sunndal.

Foto: Harald M. Valderhaug / Hydro

Hydro har eit resultat i tredje kvartal på 2,45 milliardar. Eit resultat som er noko svakare enn venta. Frå andre kvartal var det ein nedgang på 484 millionar, noko som blant anna skuldast ein råvaresmell for aluminiumsprodusenten.

– Det ber preg av høgare prisar på råvarer og valutaeffektar som trekkjer ned. Resultatet gjer at vi no må jobbe med det vi kan påverke sjølve som drift. Vi er i ein global konkurranse som gjer at vi må konkurrere på globale vilkår, seier Halvor Molland, som er informasjonsdirektør i Norsk Hydro.

Innan 2019 skal Norsk Hydro kutte kostnader med 2,9 milliardar. Resultatnedgangen i år får konsekvensar for kutt i år.

– For 2017 har vi eit delmål om å kutte 500 millionar. Det målet når vi nok ikkje, men likevel trur vi at vi skal nå det totale målet om to år, seier Molland.

Over 160 millionar i overskot

Hydro produserer aluminium i Høyanger, Årdal, Husnes, Karmøy og Sunndal.

Hydro i Årdal hadde i tredje kvartal eit overskot på 167 millionar kroner. Fabrikksjef Wenche Eldegard seier resultatet syner at dei har god og stabil drift gjennom året, også i tredje kvartal.

– Vi har all grunn til å vere nøgde. Resultatet er litt lågare enn andre kvartal, men vi har framleis gode prisar og god drift, seier Wenche Eldegard, som er fabrikksjef for Hydro i Årdal.

Pengane har strøymt inn i både Årdal og Høyanger. I 2017 kan Hydro Årdal notere seg eit overskot på 487 millionar.

I Høyanger har dei eit overskot på 50 millionar i tredje kvartal, til saman 121 millionar til no i år.

– Dette er eit godt resultat. Vi nyt godt av auke i aluminiumpris på råvarebørsen og lågare råvarekostnader, seier fabrikksjef Stian Tangen til NRK.

– Verksemdene våre lokalt leverer god drift, noko som syner att i kvartalet, seier Molland.

Wenche Eldegard

167 MILLIONAR I OVERSKOT: Hydro i Årdal og fabrikksjef, Wenche Eldegard, leverte eit overskot på 167 millionar kroner i tredje kvartal for 2017.

Foto: Johan Moen / NRK