Hopp til innhold

«Toaletta er forferdelege – du går heller bak dei viss du absolutt må»

SOGNDAL (NRK): I sommar har turistar over heile landet møtt låste toalettdører. For yrkessjåførane er stengde, skitne eller stinkande doar ein del av arbeidskvardagen.

Glenn Morten Hestetun

«EIT SORGAS KAPITTEL»: – Me er vande med at toaletta er stengde, ikkje berre i turistsesongen, men heile året, seier yrkessjåfør og varebileigar Glenn Morten Hestetun frå Årdal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Forholda på toaletta langs vegane er dårlege; det same er vedlikehaldet. Helse, miljø, tryggleik for ein yrkessjåfør er heilt fråverande, seier Glenn Morten Hestetun.

Etter snart tjue år som yrkessjåfør veit varebileigaren frå Årdal litt om toaletta langs norske vegar. Dei er «eit sorgas kapittel», meiner han:

Mobiltoalett på Stegastein

TOALETTKAOS: Statens vegvesen måtte i juli setja opp eit mobilt toalett ved det nasjonale turistpunktet Stegastein i Sogn. Dei andre arkitektdesigna toaletta gjekk tette.

Foto: Noralv Distad

– Eg veit ikkje noko anna ord å beskriva situasjonen med. Folk kan jo sjølve sjå på rasteplassane. Ein meter utom plassen finn du menneskeavføring. Det ser heilt forferdeleg ut, seier Hestetun, som òg er fylkesstyremedlem i lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

Toalettkaos

I sommar har turistar over heile landet møtt stengde toalett, som i turistmagnetane Lofoten og Sogn og på den populære nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet ved Sognefjorden (sjå tv-sak under):

Stegasteinen i Aurland, turister, turister går i stor gruppe, turister tar bilder av utsikt, stengte toalett, skilt som står stengt på, motorsykler på veien over Aurlandsfjellet, Vatnasete i Sogndalsdalen, mann frå Statens vegvesen, rørlegger som ordner toalett.

«IT'S CLOSED»: Turistane har reist langt får å sjå vestlandsfjordane, men møter stengde toalettdører. (TV-reportasje, 19. juni 2017)

Slike stengde dodører er kvardagen for mange yrkessjåførar, og i tillegg stengjer mange av desse toalettanlegga etter at turistane har reist heim, seier kommunikasjonsrådgivar Stein Inge Stølen i Norges Lastebileier-Forbund:

– Det er eit kjempestort problem at mange anlegg ikkje er tilgjengelege for yrkessjåførane i vinterhalvåret. Det øydelegg trivselen i arbeidet, og det kan igjen gå ut over trafikktryggleiken.

Stein Inge Stølen

KREV FORTGANG: – Yrkessjåførane forventar at Regjeringa innfrir kvileplass-løfta sine, seier Stein Inge Stølen i Norges Lastebileier-Forbund.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Lovde 90 døgnkvileplassar

Norske yrkessjåførar må følgja strenge reglar for køyre- og kviletid, og då kan det vera både krevjande og stressande å rekka fram til toalett i tide. Sjåførane har lenge kravd fleire døgnkvileplassar med reine toalett og skaplege dusjar.

Regjeringa må få opp farten, krev Norges Lastebileier-Forbund:

– Me forventar at Regjeringa innfrir løfta sine om å få på plass 90 døgnkvileplassar innan 2023. I dag er 39 på plass, og det betyr at Regjeringa ikkje ein gong er halvveges, seier Stølen.

– Eg er heilt samd i ønska til lastebileigarane, og me skal gjennomføra det, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Åpning av hvileplass for yrkessjåfører langs E6 ved Fugleåsen i Ski

LOVA 90 KVILEPLASSAR INNAN 2023: – Me skal gjennomføra det. 39 er allereie på plass, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), her frå opninga av ein døgnkvileplass for yrkessjåførar langs E6 ved Fugleåsen i Ski.

Foto: Vivian Stensrud / NRK

– I tillegg til dei 39 døgnkvileplassane som allereie er på plass, reknar me med å vera ferdige med ytterlegare ti i løpet av året, så alt tyder på at me er i god rute for å oppnå dette, seier Solvik-Olsen.

Illeluktande

Toalettpapir i naturen - Stegastein

I LY AV BUSKENE: Ved det populære utkikkspunktet Stegastein på den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet i Sogn har turistane i sommar gjort frå seg i naturen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Glenn Morten Hestetun blinkar inn til Sogndal med leveransar frå Årdal denne dagen. Yrkessjåføren forventar at Solvik-Olsen og Regjeringa held løftet sitt. For når Hestetun skal beskriva korleis toaletta langs vegane ser ut, svarar han slik:

– Det er vel rettare å seia at dei ikkje ser ut, ler Hestetun oppgitt:

– Dei luktar ille, og du brukar normalt ikkje dei som står langs landevegen. Toaletta er aldeles forferdelege, du går heller bak dei viss du absolutt må.