Hopp til innhold

«Kommersielt skrekkeksempel om vikingtida»

– Historieforfalsking, komplett useriøst og provoserande.

Georg Olafr Reydarsson Hansen

VIKINGLANDSBY: Temaparken Viking Valley i Gudvangen lokkar med vikingmat og vikinghus.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

På denne måten karakteriserer historikar og forfattar Aud Farstad temaparken «Viking Valley» i Gudvangen i Sogn og Fjordane. Farstad meiner vikinglandsbyen ikkje er bygd på historiske fakta. Ho påpeikar at dette er ekstra alvorleg fordi Gudvangen er ein del av området som er på Unesco si verdsarvliste.

I ein kommentar i Klassekampen skriv ho mellom anna: «For min del må dei gjerne bygge ein slik temapark à la Disney i Tusenfryd eller knytte han til dyreparken i Kristiansand, men det er både provoserande og fullstendig historielaust å plassere noko slikt i verdsarvområdet».

Aud Farstad

RASANDE: For min del må dei gjerne bygge ein slik temapark à la Disney i Tusenfryd eller knytte han til dyreparken i Kristiansand, men det er både provoserande og fullstendig historielaust å plassere noko slikt i verdsarvområdet, seier historikar og forfattar Aud Farstad.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Dei presenterer vikingbyar og vikingmat, men noko slikt har aldri eksistert. Det er tøv og sirkus og har ikkje noko med kulturen i verdsarvområdet å gjere, seier Farstad til NRK. Ho meiner byggeskikken i landsbyen og heile presentasjonen av vikingtida er oppdikta.

– Kven har godkjent denne historieløysa? Er det greitt å forfalske byggeskikk og presentere det på denne tvers gjennom useriøse måten, spør ho.

Slår tilbake

Frode Aas Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling som står bak vikinglandsbyen, slår hardt tilbake mot kritikken.

– Kunnskapslause personar har eg høyrd uttale seg før. Farstad har ikkje ein gong vore inne i vikinglandsbyen og ho har ikkje snakka med oss. Vi har ikkje forfalska noko og eg tek det ikkje seriøst, seier han.

Frode Tufte

PROVOSERT: Kritikken frå Aud Farstad vitnar om kunnskapsløyse og arroganse, seier Frode Aas Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling som driv vikinglandsbyen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Farstad meiner mellom anna at byggeskikken de nyttar er ei forfalsking. Kva seier du til det?

– Vi har brukt dokumenterte byggeteknikkar frå vikingtida. Men alle husa er tilpassa gjeldande regelverk og til å kunne brukast som verkstad og historieformidling.

Men hadde det ikkje vore naturleg at de i verdsarvområdet prøvde å presentere noko meir ekte?

– Korleis det var på den tida er utruleg komplisert og bygd på mykje gjetting. Det finst mellom anna ingen komplette hus frå den tida, seier Aas Tufte.

Denne reportasjen fra tidligere i august viser litt av det folk kan oppleve i landsbyen

Var berre på utsida

Farstad har vore i Gudvangen tidlegare i sommar, men vedgår at ho såg vikinglandsbyen berre frå utsida.

– Eg såg nok frå utsida til å kunne danna meg eit inntrykk. I tillegg har eg lese korleis dei framstiller seg. Begge deler har lite med vikingtida å gjere, seier ho.

– Men burde du ikkje vore inne i sjølve vikinglandsbyen for å danne deg eit best mogleg inntrykk?

– Nei, eg såg nok.

Øksekasting i Vikingbyen i Gudvangen

AKTIVITETAR: Vikinglandsbyen i Gudvangen byr turistane på mange typar aktivitetar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK