Hopp til innhold

Trur spel-lansering i vikingby kan freiste fleire til å besøke Norge

GUDVANGEN (NRK): Under stupbratte fjell innhylla i tåke fekk journalistar og youtubarar frå heile verda teste ut det nye spelet i den megapopulære serien, God of War. Reklameverdien for vinter-Norge kan bli enorm.

Gresk journalist får prøve seg som viking under lansering av God of War i Gudvangen

SOM I SPELET: Speljournalisten Pavlos Papapavlou fekk pil og boge opp i hendene før han fekk ein smakebit på det nye spelet i God of War-serien.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg trur Sony prøver å få oss til å føle at vi er inni spelet og får oppleve noko av det hovudkarakteren Kratos møter der, seier den greske speljournalisten Pavlos Papapavlou oppglødd.

Han var tydeleg begeistra over den storslåtte naturen og vintervêret inst i Nærøyfjorden i Sogn. Hit, til vikinglandsbyen Njardarheimr, har spelmeldarar frå heile verda kome for å prøve det åttande spelet i God of War-serien for første gong.

Silje Grønli

PERFEKT PLASS: Silje Grønli i PlayStation Norge var ikkje i tvil om at lanseringa måtte skje i Njardarheimr. PlayStation held samtidig veldig mykje om spelet hemmeleg, fram til den offisielle lanseringa 20. april.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Serien er rekna som ein av dei største og viktigaste seriane til PlayStation, og det var ikkje tilfeldig at lanseringa vart lagt nettopp til ein vikinglandsby i Norge.

I liknande landskap som karakteren Kratos svingar øksa i spelet, fekk journalistane og youtubarane sjølve prøve seg som vikingar - og prøve spelet.

– Vi leitte lenge etter den perfekte plassen. Då vi fekk klarsignal av Sony om å legge lanseringa til Norge, var Njardarheimr den beste staden, seier Silje Grønli, PR-konsulent i PlayStation Norge.

Må kjempe mot draugar og troll

I dei føregåande spela har hovudkarakteren, krigsguden Kratos, kjempa mot gudar og skapningar i den greske mytologien.

Cory Barlog

HADDE IKKJE KLART SEG: Cory Barlog måtte le av sine eigne prestasjonar med øks og pil og boge. - Eg hadde ikkje overlevd i dette miljøet, seier han til NRK etter prøveskytinga.

Foto: Steinar Lote / NRK

I det nye spelet er handlinga flytta til det kalde nord. Utrusta med øks og pil og boge må Kratos og sonen Atreus overleve i møtet med draugar, troll og andre skapningar frå den norrøne mytologien.

Også spelskapar Cory Barlog i Sony Interactive var på plass. Han trur lanseringa kan trekkje turistar til både Gudvangen og Norge generelt.

Klarer ikkje prissette verdien på gratisreklamen

Nettopp det, er nesten garantert at vil skje, meiner Frode Tufte i Gudvangen Utvikling.

Frode Tufte under lanseringa av God of War-spelet i Njardarheimr

GRATISREKLAME: Frode Tufte i Gudvangen Utvikling hadde fått på seg fullt vikingkostyme for å ta imot dei mange journalistane frå heile verda i dag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det å få vise fram Fjord-Norge i denne magiske vinterdrakta til så mange journalistar frå heile verda... Det er heilt utruleg og betyr mykje. Ikkje berre for oss, men for heile regionen.

– Kva er denne reklamen verdt?

– Det er heilt ubeskriveleg. Eg har møtt fleire av dei med tårer i auga som lurer på korleis ein klarar å ta magien frå spelet og sette den ut i live. Er det ein plass det kan bu troll og dragar, så er det jo her, seier Tufte.

Tidlegare i vinter spelte den kinesiske superstjerna Wang Yuan inn musikkvideo på Vestlandet. Berre eit halvt døgn etter at den vart lagt ut på Youtube var den sett over sju millionar gonger.

Grønli i PlayStation Norge er overtydd om at lanseringa vil vekkje interesse for vikingattraksjonar og norsk og nordisk landskap.

– Dette når ei målgruppe som ikkje nødvendigvis ser på andre typar turistprogram. Eg trur dette vil bety mykje, og vikingar er hot no uansett.