Hopp til innhold

No skal ein kunne oppleve vikinglivet på vinteren

Dei har lagt bak seg to somrar med gode besøkstal, men no er målet å få folk til å kome til vikinglandsbyen i Gudvangen også om vinteren.

Vikinglandsbyen i Gudvangen

SUKSESS: Vikinglandsbyen i Gudvangen har vorte ein suksess på sommartid.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det første vi skal gjere etter denne sesongen er å trekke pusten, men vi har også ein «masterplan» for korleis landsbyen skal sjå ut, seier dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, Frode Tufte.

Den populære vikingbyen i Gudvangen har lagt bak seg to travle og arbeidskrevjande somrar, men dei har endå større planar for framtida.

Eit nybygg er på veg opp. Det inneheld resepsjon og eit opplevingssenter. Når det står ferdig om ein månad eller to kan vikinglandsbyen gå frå å vere open berre om sommaren til å bli ein heilårs attraksjon.

– Det er alfa og omega å få opp det bygget, og så har vi endå fleire planar for nye bygg, seier Tufte. Han forklarer at utvidinga vil skje i etappar.

Anders Jarle Johansen

PÅ EKTE: Smed Anders Jarle Johansen fortel at smia lagar ting som skal brukast i vikingbyen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ikkje ein temapark

Prinsippet bak vikingbyen Njardarhimr er at dei som jobbar der er viking på heiltid når dei er i byen. Det tyder at dei nyttar seg minst mogleg av moderne teknologi, og går inn i rolla som vikingar.

– Eg pleier å seie at vi er ikkje eit museum, og vi er ikkje ein temapark. Vi er ein verkstad, seier Tufte.

Når ein kjem inn i smia i Njardarheimr, kjem ein inn i ei ekte smie, slik den mest sannsynleg såg ut i vikingtida. Anders Jarle Johansen smir på gamle måten, medan turistane står og ser på.

– Det er mange som spør om det er på ekte, og det er det. Her lagar vi ting som vi treng andre stadar i landsbyen, som hengslar og sverd og så reparerer vi ting. Vi likar å kalle oss ein verkstad, seier Johansen.

Når ein jobbar som smed i vikinglandsbyen, er ein viking på fulltid.

Det inneber ei stor forplikting det, ein må liksom halde på stilen, seier han.

Frode Tufte

STORE MÅL: Dagleg leiar Frode Tufte har store ambisjonar for vikingbyen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mange store turistgrupper

Vikingbyen i Gudvangen opna i mai i fjor, og har opplevd ein jamn straum av besøkjande. Frode Tufte fortel at i tillegg til heilårsdrift, er eit anna mål å få fleire mindre grupper med tilreisande.

– Det har vore mange turistgrupper her og der har vi nådd måla for lenge sidan. Dei individuelle besøkande har det ikkje vore like mange av. Der har vi ein jobb å gjere med marknadsføringa, seier han.