Hopp til innhold

«Guttastemning» førte til politimelding

Kompisgjengen rulla ein kampestein ned i havet, «this is what we call guttastemning» blei eit omgrep, og instagramvideoen gjekk viralt. No etterforskar politiet saka.

VER SÅ GOD, REPRISE: Fleire menn rullar stor stein utfor ei li på Stadlandet i Selje kommune. Det har svært mange engasjert seg i.

– Vi har motteke ei melding frå ein av grunneigarane i området, seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

STADFESTAR: Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, stadfestar at dei har fått ei politimelding mot kompisgjengen.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Dei kjem til å starte avhøyr av dei involverte så snart som råd, fortel han til NRK.

– Eg føler denne saka byrjar å bli ganske gamal. Viss vi hadde brote ei lov og dei hadde hatt noko å ta oss på, så hadde det kome fram for ei stund sidan. No føler eg dei grev djupt berre for å ta oss på noko, svarer mannen bak videoen.

Benjamin Forthun la ut videoen på sin instagramprofil førre månad. Videoen viser han og ein gjeng kompisar som rulla ein stor stein utfor eit stup ved Hovden i Ervika. Videoen har hausta over 30.000 likar-klikk og over 100.000 har sett han. Meiningane var og er delte om dette var dumt eller berre gøy.

Ordførar i kommunen det skjedde, Stein Robert Osland, var blant dei som då ville melde gjengen til politiet.

Slik kommenterte Benjamin Forthun hendinga den gongen:

– Vi fann ein stein som vi kunne dytte utfor eit stup og ut i havet. Så tok vi ei litt dårleg avgjerd på å gjere det. Gjort er gjort, det var gøy. Men no i ettertid ser vi at det kanskje ikkje var det luraste.

Samtidig understreka han at dei var sikre på at det ikkje var nokon i terrenget under verken dyr eller menneske.

Når NRK igjen tek kontakt med han, er han mest oppgitt over utviklinga. No vil politiet undersøke handlinga opp mot naturmangfaldlova og friluftslova.

– Eg er ikkje overraska at det kunne bli ei sak, men no føler eg dei lenge har prøvd å finne noko å ta oss på.

Han meiner dei ikkje har brote ei lov, men:

– Vi har berre oppført oss dårleg på ein annan manns grunn, seier Forthun.

Vil samarbeide med politiet

På spørsmål om dei vil hjelpe politiet i arbeidet vidare, svarer Forthun at det kjem dei til å gjere. Men helst ser han at politiet fokuserer på andre saker.

– Det finst så mange fleire viktigare ting å bruke tida si på enn nokre idiotar som rullar ein svær gråstein utfor eit stup. Men viss vi har brote ei lov, så må vi jo stå for det.

Regionlensmann Hvattum seier han forstår det dersom folk stussar over at det blir politisak av det.

– Dette er jo ikkje ei sak som vi definerer som ei prioritert sak, men vi vil likevel gjere dei arbeidsoppgåvene som saka krev innimellom.