Hopp til innhold

Kompisgjeng sende kampestein utfor fjellsida - no kan dei bli politimelde

Kompisgjengen tykte det ville vere ein god idé å rulle den store steinen utfor stupet på Stad slik at den knuste seg veg ned mot havet. No angrar dei.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi fann ein stein som vi kunne dytte utfor eit stup og ut i havet. Så tok vi ei litt dårleg avgjerd på å gjere det. Gjort er gjort, det var gøy. Men no i ettertid ser vi at det kanskje ikkje var det luraste, seier fotograf Benjamin Forthun til NRK.

Han forsikrar om at dei var sikre på at det ikkje var nokon i terrenget under, verken dyr eller menneske.

Han la ut videoen av steinrullinga på sin eigen populære konto på Instagram med 140.000 følgarar. Der gjekk det ikkje lang tid før det var over 80.000 visningar og mange kommentarar. Nokre positive, andre kritiske – på fleire ulike språk.

«This is what we call ”Guttastemning» in Norway ☄️💥 » skriv fotograf Forthun sjølv i kommentarfeltet.

– Toskeskap

Ikkje alle er like begeistra for påfunnet til gutegjengen. I Selje kommune vurderer ordførar Stein Robert Osdal om dei skal politimelde saka.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal

VURDERER POLITIMELDING: Stein Robert Osdal (KrF) er ordførar i Selje.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg reagerte som mange av innbyggarane i området. Dette er toskeskap, seier Osdal.

Hovden ved Ervika er eit spesielt område med beitande dyr og svært mange krigsminne.

– Eg har bede administrasjonen gjere ei vurdering av statusen for området, før vi tek endeleg stilling til om vi skal melde saka til politiet, seier Osdal.

Vil ta straffa

Når NRK snakkar med Forthun måndag vedgår han at steinrullinga var eit dumt innfall.

– Eg forstår folk som ser negativt på det. Vi er jo turistar som reiser til Stad, så å rulle ein stein utfor er kanskje ikkje det luraste vi gjer. Om vi har gjort noko straffbart så må vi stå opp for det og ta straffa. Vi såg på dette som gutestrekar, seier Forthun.

Ei av dei som skreiv kritisk i kommentarfeltet er Julie Ervik, som er ein av nestorane i det store surfemiljøet på Stad.

– Eg tykte berre at det var for dumt. Eg går ut frå at det var gutestrekar, men det er bra at dei angrar, seier Ervik.

Benjamin Forthun innrømmer lett at dei nok blei litt fanga av situasjonen då dei såg steinen ligge der, perfekt for rulling og ras. Men no fryktar han at andre skal gjere det same.

– Vi var 100 prosent sikre på at dette ikkje ville vere til skade. Det kan føre til at andre gjer det same. Det er ein idiotisk ting å gjere, seier Forthun.