Hopp til innhold

«Eg er skuffa. Det er ikkje meir å seie»

LILLEHAMMER (NRK): Anders Fannemel var ikkje veldig snakkesalig etter nedturen.

Anders Fannemel på veg ut frå mixed zone

MÅ IKKJE GRUBLE: Sportssjef Clas Brede Bråthen håpar Anders Fannemel ikkje grublar for mykje etter den svake sesongstarten.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var ein miss frå mi side. Altfor dårleg, seier Anders Fannemel til NRK.no.

– Kva var det som ikkje fungerte?

– Eg sette meg ned feil, seier Fannemel.

Han var tydeleg svært skuffa over å ha bomma skikkeleg i det første og siste hoppet i verdscuprennet på Lillehammer.

På ein elles god norsk dag i hoppbakken, landa honndølen på 87 meter, fekk 108,4 poeng, og enda på 41. plass i konkurransen. Eit hav bak vinnaren Severin Freund.

Veit han har løysinga på problemet, men...

Det er langt unna ambisjonane han hadde før sesongen. Målet er å vere stabilt inne blant topp ti i verdscupen – og på Lillehammer, der han vart nummer to i fjor, hadde han tenkt å vere med og kjempe om sigeren.

No har han opna sesongen med 25. plass i Klingenthal og 41. plass på Lillehammer. Det står i grell kontrast til den fantastiske sesongstarten for eitt år sidan, då han ikkje var dårlegare enn nummer seks i eit einaste renn fram til midten av desember.

– Det har vore ein dårleg sesongstart. Det går trått, seier ein ordknapp Fannemel.

– Veit du kva du må gjere for å løyse det?

– Eg har løysinga. Men om eg får det til, er noko anna, seier mannen med verdas lengste skihopp.

Anders Fannemel etter bommerten på heimebane

SKUFFA: Anders Fannemel hadde sett for seg eit heilt anna resultat enn 41. plass på Lillehammer, der han ved fleire høve har vore nær siger i verdscupen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sportssjefen er ikkje uroa over formsvikten

Laurdag hadde han foreldra og besteforeldra til stades i favorittbakken på Lillehammer. No håpar han å gi både dei og seg sjølv ei betre oppleving i søndagens konkurranse.

Laurdag fekk hopparane på grunn av vind berre éin omgang i normalbakken.

Sportssjef Clas Brede Bråthen trur Fannemel kan vise seg fram frå ei betre side allereie søndag.

– Han manglar berre litt på teknikken. Eg er ikkje uroa, seier Bråthen.

– Det er så høgt nivå, at om ikkje alt er eitt hundre prosent på stell, så kjem heller ikkje resultata, seier han.

– No må han berre ikkje gruble for mykje

Sportssjefen er oppteken av at Fannemel ikkje må miste sjølvtillit på grunn av sviktande resultat i sesongopninga.

– Han er så godt førebudd. No må han berre ikkje gruble for mykje, seier Bråthen.

Sjølv skulle Anders Fannemel helst ha sett at han fekk hoppa fleire konkurransar. Dei avlyste renna i Kuusamo passa han dårleg.

– Eg må komme skikkeleg i gang. Førebels har eg ikkje komme inn i rytmen, seier 24-åringen.

Anders Fannemel i svevet

I SVEVET: - Eg sette meg ned feil, seier Anders Fannemel om kvifor han berre hoppa 87 meter i normalbakken.

Foto: Rune Fossum / NRK