Hopp til innhold

Her må pappa Fannemel tørke tårene

Anders Fannemel var overvelda over oppmøtet og stemninga då honndølene ynskte verdsrekordhaldaren velkomen heim.

Sang til Anders Fannemel

STERKT: Pappa Fannemel må tørke tårer og mor syng med når bygda hyller helten sin. Foto: Steinar Lote.

Og for foreldra hans var det sterke kjensler som kom til overflata då hyllestsongen til skihelten vart framført.

Hornindal er den nest minst folkerike kommunen i Sogn og Fjordane, men tysdag kveld var idrettshallen stappfull av honndøler som er stolte av skistjerna si og som gjerne ville vise det.

Det var Hornindal kommune som saman med fanklubben til skihopparen som arrangerte velkomsten.

Og om Anders Fannemel kanskje er blitt vand med hyllest og virak etter årets sesong så var det tydeleg stort for han å møte så mange sambygdingar.

– Det var veldig mykje folk her, det er kjekt. Eg er litt overraska, dei har stelt i stand meir enn eg hadde venta.

– Korleis er det å vere heime?

– Det er veldig fint og kjekt å vere heime litt. Det er i jula, påska og om sommaren eg er heime. No er det avslapping, eg går litt på ski. Og så prøver eg å møte gamle kompisar.

Fannemel om hyllesten

OVERVELDANDE: Det var overveldande med så mange frammøtte, seier Anders Fannemel. Foto: Steinar Lote.

– Skihopping ikkje tema heime

Faren til Anders, Ole Rasmus Fannemel, fortel at sonen kom frå Lillehammer måndag kveld, og at skihopping er eit tema dei nesten ikkje har vore inne på.

– Heime snakkar vi veldig lite idrett. Anders har eit par sysken som og har drive med toppidrett, og då vart det idrett elles. Då sa vi at arenaen heime fekk vere litt annleis.

Og i familien Fannemel er påska synonymt med ski, fjell mat og kos, og mykje spel, fortel Ole Rasmus.

Han har inntrykk av at honndølene er stolte over Anders og det at han har sett Hornindal på kartet på ein så flott måte, og det kunne ordførar Anne-Britt Øen Nygård stadfeste.

– Ja, det er heilt sikkert. Han er ein veldig god ambassadør for Honndalen, han er vår beste både i Norge og internasjonalt. Då han sette verdsrekord måtte eg ut av godstolen, løfte hendene og seie «Yess».

– Galskap dei siste åra

Stig Olav Lødemel er nabo av Anders Fannemel, og ifylgje seg sjølv ihuga fan.

– Vi har fylgt med han i oppveksten, men det er spesielt no dei siste åra det har blitt galskap i det frå mi side. Heile sesongen har vore ei fantastisk oppleving for oss som fylgjer med på sidelinja.

– I kveld skal vi heidre han for prestasjonane hans. Verdsrekord og verdsmeisterskap heng veldig høgt, så det prøver vi å sette pris på i dag.

Stig Seljeseth og Stig Olav Lødemel

STOLT GAMLETRENAR OG FAN: Stig Seljeseth (t.v.) trena Anders Fannemel frå han var ti-elleve år.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Såg tidleg noko spesielt

Stig Seljeseth er gamletrenaren til Anders Fannemel og ein naturleg del av fanklubben som saman med kommunen stod bak arrangementet til ære for Fannemel.

– Eg var trenar då han tok til å interessere seg for hopping i ti-elleveårsalderen. Vi hadde først trening inne i ein gymsal sommar og haust, og så var det ut i bakkane når snøen kom. Sidan har eg fylgt han heilt til han flytte til Lillehammer.

– Hadde du trudd at han ville nå så langt?

– Å nå så langt som han har gjort skal mykje til. Men eg såg tidleg at det var noko spesielt med Anders, både innstilling og talent.

– Kva synest du om det han har gjort denne sesongen?

– Det er berre heilt fantastisk. Når han set verdsrekord og blir verdsmeister på eitt år og var med og kjempa om samanlagtsigeren i verdscupen, og vi nesten gløymde at han tok sølv i NM, då seier det seg sjølv at det er stort.

Kake til Anders Fannemel

GULLKAKE: Ei skikkeleg kake måtte til, forresten laga av systera til ordføraren.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK