Hopp til innhold

– Vi starta å grave i jorda og trudde ikkje våre eigne auge

– Det var eit forferdeleg syn. Vi starta å rydde det verste, men det var så ekstremt mykje at vi måtte gi opp til slutt. Det låg lag på lag med plast under røtene til busker og tre.

UNDER JORDA: Torstein Kollevåg seier det mest skremmande er å tenkje på all plasten som ligg under jorda. Her har han filma litt av det han fann under busker og kratt.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Torstein Kollevåg, broren Svein Kyrre Kollevåg og kona til sistnemnde, Tonje Ihlen Møyner, fekk seg eit sjokk dei seint vil gløyme då dei fredag passerte ei øy sør for Åfjorden, heilt nord i Krakhellesundet i Solund.

Vart forbanna

Dei har hytte i området og var på båttur i det fine vêret då dei oppdaga ei bukt der det låg mykje søppel på stranda. Broren og kona hans var veldig klare på kva dei tre då måtte gjere.

Tonje Ihlen Møyner

RYDDA: Tonje Ihlen Møyner brukte berre fem minuttar på å fylle denne plastballjen. Det gjorde dei fleire gonger i løpet av ein halvtimes tid.

Foto: Torstein Kollevåg

– Vi måtte berre gå i land. Du treng ikkje vere spesielt miljøengasjert for å stoppe når du passerer ei bukt som dette. Vi måtte berre rett og slett hoppe i land. Vi vart så forbanna. Det var berre å kaste seg ned og starte og rydde, fortel Torstein Kollevåg til NRK.

Knasa under føtene

Stranda var fylt opp av plast som hadde kome med sjøen. Ifølgje Kollevåg låg det tjukke lag med plast minst 30–40 meter innover land. Vel i land fann dei ein stor plastballje som dei berre brukte fem minuttar på å fylle. Denne fylte dei fleire gonger i løpet av ein halvtimes tid.

– Det var først og fremst eit forferdeleg syn. Det var eit trist syn. Vi såg jo all plasten på lang avstand, men då vi gjekk i land så var det heilt utruleg. Det låg tjukt. Vi kunne ikkje gå nokon stad utan at det knasa i plast under føtene, fortel Kollevåg.

(artikkelen held fram under videoen)

FORSØLPLA STRAND: Dette var synet som møtte Torstein Kollevåg, broren og kona til sistnemnde då dei gjekk i land på øya i Solund.

– Mest skremmande under jorda

Men ein ting var alle plasten oppå bakken. Mest skremmande synest han det var å sjå all plasten som jorda skjulte.

Svein Kyrre Kollevåg

RYDDA: Svein Kyrre Kollevåg med litt av plasten han fann på øya.

Foto: Torstein Kollevåg

– Eg grov vel ein 20–30 centimeter ned i jorda, og det var berre lag på lag med plast. Det var ulike lag frå sikkert 30-40-50 år tilbake. Eg kom ikkje til botnar. Det låg sikkert 10–20 lag med plast nedover. Det vaks jo tre over plasten. Eg har aldri sett noko liknande før, seier Kollevåg.

– Moder jord låg der og blødde

Han seier oppdaginga gjorde sterkt inntrykk på alle tre.

Store mengder plast på stranda på øy i Solund.

OVERALT: Dei tre fann plast 30-40 meter innover land på øya i Krakhellesundet.

Foto: Torstein Kollevåg

– Eg skamma meg over kva vi gjer med jorda vår.

– Det var heilt grufullt. Eg følte at det var moder jord som låg der og blødde. Eg måtte berre hjelpe henne. Men vi kom ikkje djupt nok og fekk lækt alle såra. Det ligg masse igjen.

– Ingen stad for geiter

No lurer han på kva dei skal gjere med all plasten som ligg samla ved stranda. Men ein ting veit han i alle fall – mannen som til dagleg driv operagard med geiter i Kandalen i Gloppen:

– Eg tenkte før eg kom i land på øya at det hadde vore fantastisk å la geitene gå og beite der ute fritt heile sommaren, men etter at eg så all plasten var det sjølvsagt utelukka.