NRK Meny
Normal

No slepp dei å bruke pårørande som tolkar

FØRDE SENTRALSJUKEHUS (NRK): At lege og pasient forstår kvarandre kan vere skilnad på liv og død på eit sjukehus. Eit nytt prosjekt skal sikre god kvalitet i tolketenester.

Ny tolketeneste i bruk i Helse Førde

NY KVARDAG: Helse Førde demonstrerte i dag korleis dei nye tolketenestene vil fungere. – Det er veldig risikofylt å ikkje ha tilgjengelege tolkar i dag, seier anestesilege Gregers Halvorsen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg sit her med Alma, ho har fått beskjed om at ho skal operere, og vi treng tolketeneste, forklarar anestesilege Gregers Halvorsen.

Han sit på eit lite rom på Førde sentralsjukehus og skal for første gong teste ut ei ny tolketeneste som han trur vil forbetre kvardagen hans og kollegaene i stort monn. I dag er det berre ein test, men det blir oftare og oftare behov for tolkar.

– Vi kan vere nøydde til å hente informasjon frå ikkje-kvalifiserte tolkar. Det kan vere pårørande eller vener. Det gjer situasjonen temmeleg utilfredsstillande, seier Halvorsen om tilstanden i dag.

Tolking via data, helsetenester

Stort behov for tolkar

Fleire innbyggjarar med minoritetsbakgrunn, aukande turisme og internasjonalisering gjer at trongen for tolking har blitt større. I dag blir tolkinga formidla via private byrå eller tenester, og blir gjort på telefon. Legane opplever at det kan vere vanskeleg å få tak i folk når dei treng det. I 2014 la styresmaktene fram ei offentleg utgreiing om problem knytt til tolking i offentleg sektor. Der blir det mellom anna peika på at nær 88 prosent av oppdraga med tolking i Oslo vart utført av personar som ikkje var kvalifiserte tolkar.

Etter suksess med andre telemedisinprosjekt fekk Helse Førde saman med TikkTalk ansvar for pilotprosjektet som vart lasert i dag. Der har ein kopla til seg 113 godkjende tolkar, som kan ringast opp via videosamtale. Tenesta tek også omsyn til informasjonstryggleik.

– På telefon så ser ein ikkje kroppsspråk, og det kan vere vanskeleg å vite kvaliteten på tolken. Dei som er i basen er godkjende og vi er sikre på at dei kan språket, seier prosjektleiar Nyonga Nyamata Rugumayo Amundsen.

Også tolken og pasienten som deltok i rollespelet i dag trur den nye løysinga vil vere nyttig.

Nyonga Nyamata Amundsen, Helse Førde

PROSJEKTLEIAR: – Det blir enklare å finne akkurat den tolken ein treng, trur Nyonga Nyamata RugumayoAmundsen.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det var komfortabelt og ein fin måte å gjere det på, fortel syriske Alma og får støtte av tolk Martin Auraha.

I 2012 brukte helseføretaka i Noreg over 44 millionar kroner på tolketenester. Den nye løysinga er også venta å vere rimelegare, då ein har kutta mellomleddet som formidlar tenesta. Prosjektet skal vidareutviklast, og kan også vere aktuelt å bruke innan andre område, som barnevern, fengselsstell, politi og liknande.

– Eg gler meg til å prøve det. Det har potensial til å betre pasienttryggleiken, og vil gje eit løft for menneske med andre språk, seier Halvorsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.