, og skal ha formidla vidare eit større tal polske sesongarbeidarar til fleire bønder i Fresvik i Sogn.
Han vart arrestert måndag, og sikta for brot på lovverket om menneskehandel. Tingretten i Bergen ville ikkje varetektsfengsle mannen, men politiet anka til lagmannsretten.
– Eg er glad dette blir tatt tak i av politiet. Slik skal det ikkje vera i norsk arbeidsliv, og slik denne saka framstår er dette eit ganske ekstremt tilfelle, seier Kine Asper, forbundssekretær i Fellesforbundet.
Minsteløn i kontrakten – noko anna i realiteten
NRK har fått tilgang til arbeidskontrakten til ein av bærplukkarane. Der står det blant anna at løna skal vera 123,15 kroner i timen.
– altså løn etter kor mykje dei plukka – som gjaldt.I kontrakten er prøvetida er sett til tre månader, og oppseiingsfristen er to dagar. Dette, og meir til, er noko som får varsellampene til å blinka raudt hjå Fellesforbundet.
– Det er litt merkeleg at heile arbeidsforholdet er sett som prøvetid. Og lova seier at det skal vera 14 dagar oppseiingsfrist i prøveperioden. Heile poenget med det er at arbeidstakar skal ha litt tid til å finna seg ny jobb. At det skal gå på to dagar, spesielt når du kjem frå eit anna land, ser eg på som heilt usannsynleg, seier Asper.
Løn på akkord er heilt greitt, så lenge den tilsvarar eller overstig minsteløna, fortel ho. Asper seier det derimot ikkje er lov å avtala eit akkordsystem som kan gi mindre betalt enn minstelønssatsen.
– Du skal ha eit snitt som tilsvarar over avtalt minsteløn, fortel ho, og peikar på at det set høge krav til å føra gode timelister. Å ha kontroll på arbeidstimane har også ein annan viktig funksjon.
– Dette handlar også om kviletid. Det er strenge føresegner i lova om det. Om det er slik dei seier, at dei jobba så lange dagar gjennom heile veka, så sprenger dei 48-timarsramma med god margin.
Ulik ordlyd på polsk og norsk
I helga, før mannen vart arrestert, vart det forsøkt å koma til ei løysing direkte mellom plukkarane og bærprodusentane som har nytta den sikta mannen sine tenester. NRK har fått tilgang til denne kontrakten.
Kontrakten er skrive både på polsk og på norsk. I den polske teksten står det ein setning som ikkje er å finna att i den norske delen. Der står det at dersom dei ikkje signerer, så må dei forlata bustaden, altså brakkeriggen der dei bur, umiddelbart.
I den polske delen står det heller ingenting om at dei forpliktar seg til å avslutta arbeidskonflikten, slik som det står i den norske.
«Me bønder skreiv avtalen på norsk og fekk den oversett til polsk av polakkane. Me vart kjent med at avtalen ikkje var identisk på norsk og polsk, og forlangte at den vart retta. Då eg vart kjent med at det ikkje var gjort, drog eg tilbake til arbeidarane og sa at det var den norske versjonen som var gyldig», skriv ein av bærprodusentane i ei tekstmelding til NRK.
Bærprodusenten veit ikkje om det var bærplukkarane eller den sikta som stod for omsetjinga, men bærplukkarane hevdar det var den sikta.
Anette Vangsnes Askevold, forsvarsadvokaten til den sikta mannen, seier til NRK at ho ikkje har fått diskutert detaljane i saka med sin klient, og ho kan difor ikkje kommentere skuldingane.
NRK har prøvd å koma i kontakt med de tre andre bærprodusentane som også skreiv under avtalen. Ein av dei ønskjer ikkje kommentera saka, og to av dei har NRK ikkje lukkast å koma i kontakt med.