Hopp til innhold

Tingretten ville sette menneskehandel-sikta fri

Bergen tingrett ville ikkje varetektsfengsle mannen som i går blei sikta for menneskehandel knytt til bærplukkarar i Fresvik i Sogn.

Politiaksjon i Fresvik i Sogn

AKSJON: Politiet og arbeidstilsynet gjekk for få dagar til ein samordna aksjon i Fresvik der dei pågreip ein polsk statsborgar. Han er sikta etter menneskehandel-paragrafen.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Han må likevel sitje fengsla i påvente av at politiet anka tingretten si avgjerd til lagmannsretten.

– Vi er nøgde med tingretten sin konklusjon og forventar at dette vil bli resultatet også i lagmannsretten. Vi forventar også at den vidare etterforskinga vil gje støtte til sikta si forklaring, seier advokat Anette Vangsnes Askevold til NRK.

Politiet har så langt onsdag kveld ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til tingretten si avgjerd, men i går sa politiadvokat Bernt Dahlsveen følgjande til NRK:

– Der kom det fram opplysningar som gav mistanke om at ein del arbeidarar frå Polen vart utnytta. Det går mellom anna på løn, arbeidstid og innkvartering, stadfestar politiadvokat Bernt Dahlsveen ved Akrimsenteret i Bergen.

På noverande tidspunkt meiner politiet at mannen kan ha utnytta mellom 30 og 40 polske arbeidstakarar, men Bergen tingrett lét seg ikkje overtyde av bevisføringa til påtalemakta.

Arbeidarane har hevda at dei fekk ei heilt anna løn enn den dei var lova på telefon og at dei blei nekta å reise heim til Polen.

– Han sa at vi ikkje kunne reise tilbake til Polen og vi ikkje ville få utbetalt løna vi hadde til gode, fortalde bærplukkar Julia Galczynska til NRK tysdag.