Hopp til innhold

– Han nekta oss å reise heim og nekta oss løn

FRESVIK (NRK): Mannen nekta oss å reise heim og nekta å betale oss løn, hevdar bærplukkar Julia Galczynska og dei andre arbeidarane. No er mannen sikta for menneskehandel.

Julia Galczynska i Fresvik i Sogn

KONTAKTA POLITIET: Julia Galczynska hevdar arbeidsforholda på bæråkeren var langt unna det dei var blitt lova før dei reiste til Noreg frå Polen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Han sa at vi ikkje kunne reise tilbake til Polen og vi ikkje ville få utbetalt løna vi hadde til gode, fortel Julia Galczynska til NRK.

Ho er ein av fleire titals bærplukkarar som føler seg svikne av mannen som ho hevdar slett ikkje heldt det han lovde då dei blei tilsett for å jobbe i åkeren.

– Han sa ingenting på telefonen om at vi måtte betale 1500 kroner i månaden for å bu i brakker og han sa ingenting om at vi måtte jobbe for akkordløn, seier Galczynska.

Budde i brakker

Dei blei lova ei timeløn på 123 kroner, men bærplukkarane fortel at dei måtte jobbe på akkord og at den reelle timeløna var langt mindre. Dei fortel om svært lange arbeidsdagar og ingen fridagar i løpet av veka.

– Vi jobba fram til ni-ti om kvelden frå måndag til søndag, hevdar den unge polske kvinna.

Politiet har sikta mannen for menneskehandel basert på informasjon og dokumentasjon dei blant anna har fått frå arbeidarane i Fresvik.

– Der kom det fram opplysningar som gav mistanke om at ein del arbeidarar frå Polen vart utnytta. Det går mellom anna på løn, arbeidstid og innkvartering, stadfestar politiadvokat Bernt Dahlsveen ved Akrimsenteret i Bergen.

Politiaksjon i Fresvik i Sogn

GJEKK TIL AKSJON: Politiet og Arbeidstilsynet gjekk saman om å aksjonere mot mannen som no er sikta for menneskehandel.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Vurderer fengsling onsdag

Norske bærbønder har i mange år vore avhengig av Aust-Europeisk arbeidskraft for å få hausta inn avlingane sine.

Den polske statsborgaren som no er sikta, skal ha levert sesongarbeidarar til bøndene i området i lengre tid. Siktinga gjeld likevel berre frå april i år til no.

Mannen i 40-åra var i dag i avhøyr på politihuset i Bergen, men ifølgje advokaten hans har han ikkje teke stilling til det han blir skulda for i siktinga. Onsdag blir det avgjort om mannen skal framstillast for fengsling.

Letta over siktinga

Advokat Anette Vangsnes Askevold ønskjer heller ikkje å kommentere påstandane frå Julia Galczynska om at arbeidarane skal ha hatt heilt andre bu- og arbeidsforhold enn det dei var blitt lova.

Galczynska er glad for at politiet no har sikta mannen som henta ho og dei andre bærplukkarane til Noreg.

– Vi er veldig letta over at han no er vekke frå brakkene, seier ho til NRK.