Hopp til innhold

– Han blir ein ministatsråd for Venstre

SLOTTSPLASSEN (NRK): Sveinung Rotevatn skal vere statssekretær for ein av dei statsrådane han er mest ueinig med. Politisk kommentator Magnus Takvam trur ikkje det er tilfeldig.

Sveinung Rotevatn framføre slottet

BLIR STATSSEKRETÆR: Sveinung Rotevatn blir statssekretær under Sylvi Listhaug.

Foto: NRK

– Han blir ein slags ministatsråd på innvandring for Venstre. Det er nok ikkje tilfeldig. Venstre må gjere det dei kan for balansere Frp sin innvandringspolitikk, seier politisk kommentator i NRK Magnus Takvam.

I dag vart det kjent at tidlegare stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, blir statssekretær i det nye justis- og innvandringsdepartementet. Det betyr at hans nye sjef er Sylvi Listhaug. Det er ein politikar Rotevatn har hatt sterke meiningar om før.

– Denne regjeringa bør ta seg ein god pust i bakken, legge vekk forslag som ikkje er innanfor folkeretten, eller som ikkje bidreg til god integrering.

Magnus Takvam

SPANANDE: Magnus Takvam trur det blir spanande å følgje Sveinung Rotevatn i sin nye jobb som statssekretær

Foto: NRK

Slik kommenterte Rotevatn asylpolitikken til Listhaug då han var stortingsrepresentant. No skal han vere den kontroversielle Frp-politikaren si høgre hand i departementet.

– Det er klart vi har bak oss nokre år der vi har vore ueinige, og FrP og Venstre er framleis to ulike parti. No er det likevel den nye regjeringsplattformen vi skal jobbe for, og det trur eg blir bra, seier Rotevatn i dag.

– Rotevatn hadde nok ikkje takka ja til kva som helst slags statssekretærpost. Dette blir ein jobb med ganske mykje påverknadskraft, og ein posisjon der han får utnytte sitt politiske talent til det fulle, trur Magnus Takvam.

Den ferske statssekretæren legg ikkje skjul på at han framleis er usamd med Listhaug i ein del viktige tema, men trur det skal gå bra.

– Ansvarsfordeling i departementet får vi kome tilbake til etter kvart, men eg skal i allefall sitje i den politiske leiinga som statssekretær, og gler meg til det.

– Ei komande stjerne i partiet

Magnus Takvam meiner nemleg at Rotevatn er ein godt likt politikar i Venstre, og at det er difor han no får denne posisjonen.

– Mange var nok litt overraska over at han ikkje vart statsråd, og no har Trine Skei Grande vore oppteken av å halde han inne i varmen. Eg trur det er stor semje i Venstre om at Rotevatn er ei komande stjerne i partiet, seier Takvam.

Det at det no kjem inn ein statssekretær som er til dels svært ueinig med statsråden sin, seier Takvam at det blir spanande å følgje med på.

– Det kan fort bli eit litt polarisert departement, der både Venstre og Framstegspartiet skal markere sin politikk og sine gjennomslag på innvandringsfeltet.