NRK Meny
Normal

– Fylkeskommunen har funne den beste kjøparen

Salet til Per Sævik vil bli ein suksess for Fjord1, det meiner økonomiprofessor ved Norges Handelshøyskole, Ola Honningdal Grytten.

Per Sævik

FOR 1,065 MILLIARDAR: Per Sævik kjøper Fjord1-aksjane for 1,065 milliardar kroner.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Fylkeskommunen har funne den beste kjøparen. Hadde eg vore politikar eller budd i Sogn og Fjordane, så hadde eg tatt det heile med ro. Eg trur dei har gjort ein god handel, seier Grytten.

Eit samrøystes fylkesutval gjekk inn for å selje Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i ferjeselskapet Fjord1 til Per Sævik og selskapet hans Havila AS. Det endelege vedtaket skal takast på fylkestinget på fredag.

Før og under møtet stilte politikarane spørsmål ved om Sævik og Havila hadde råd til å kjøpe Fjord1. I Havila-konsernet slit Havila Shipping, noko Sævik vedgjekk under møtet med fylkesutvalet.

– Offshore-nedturen vår med Havila Shipping var ikkje den fyrste. Og ikkje den siste. Men det var den største og tøffaste, uttalte Sævik til NRK i går.

Sævik poengterte for politikarane at det ikkje er Havila Shipping som kjøper aksjane i Fjord1, og meinte økonomien var trygg nok til å gjere opp for seg. Det kan gå dårleg med Havila, utan at det får konsekvensar for resten av konsernet, meinte Sævik.

Offshore på hell, men satsar på ferje

Økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten meiner Sævik ser moglegheiter i ferjemarknaden.

Ola Honningdal Grytten

EIN GOD EIGAR: Økonomiprofessor ved Norges Handelshøyskole, Ola Honningdal Grytten, meiner Per Sævik er det beste kjøparen av Fjord1-aksjane.

Foto: Helge Skodvin / Pressefoto

– Sævik ser at offshore er på hell. Han er ein entreprenør som først var inne i fisk og deretter offshore, så eg ser ikkje vekk frå at dette er eit nytt satsingsområde for nokre år framover, seier han.

Det var i november 2015 at fylkestinget i Sogn og Fjordane bestemte seg for å selje sine aksjar i Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Sævik truga med søksmål då han meinte at Havila skulle få nytte seg av forkjøpsrett. Konkurransetilsynet stogga Torghatten sitt oppkjøp. Etter avtale med fylkeskommunen kjøper Sævik aksjane i Fjord1 for 1,065 milliardar kroner og legg vekk det varsla søksmålet.

No er det opp til fylkestinget om det er Sævik som blir eigar av Noreg sitt største ferjeselskap.

Kva vil du sei til innbyggjarane i Sogn og Fjordane som lurer på om du er den beste eigaren av Fjord1?

– Kun framtida vil gi eit skikkeleg svar på det, men eg trur ikkje innbyggjarane vert skuffa, seier Sævik.

Sikra eit oppgjer gjennom garantiar

Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, meiner avtala med Sævik er noko fylkeskommunen er nøgd med. I oppgjeret for kjøpet av Fjord1 tar Sævik opp lån med fylkeskommunen, noko Følling forstår kan bli oppfatta som merkeleg.

– Det gjer det sikkert, men det er måten oppgjeret skal skje på. Ein har avtalt når beløpet skal overførast til fylkeskommunen. Det er delar av dette som vert definert som eit lån. Dette er sikra gjennom avtale og garantiar som gjer at vi får pengane våre, seier ho.

Følling og Sævik

KJØPAR OG SELGAR: Fylkesordførar Jenny Følling (t.v.) saman med Per Sævik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dette er akseptert praksis, og ikkje så uvanleg som ein skulle tru, meiner økonomiprofessor ved NHH, Ola Honningdal Grytten.

I eit aksjeselskap utgjer aksjane ein del av dei totale eigendelane. Når ei bedrift skal kjøpe seg opp i eit selskap, så er det heilt vanleg at ein låner pengar i eit anna selskap, i eige selskap eller sånn som det er gjort i denne saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.