Hopp til innhold

Skrudde på sunnmørssjarmen

FLESLAND (NRK): Per Sævik ville kjøpe Fjord1. Men fylkespolitikarane var usikre på om han hadde råd. Og om han var til å stole på. Så skrudde han på sjarmen.

Per Sævik

OVERTYDDE FYLKESPOLITIKARANE: Havila-eigar Per Sævik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Per Sævik entra møterom Shuffle på Clarion Hotel Bergen Airport med eit forsiktig smil.

Dette var hans store sjanse til å overtyde fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane om at han fortente å få kjøpe deira aksjar i Fjord1.

Ved opninga av møtet fortalde fylkesordførar Jenny Følling (Sp) at ho var samd med Sævik om å opplyse om kjøpesummen, som det har vore spekulasjonar omkring. Han har tilbydd 1,065 milliardar kroner.

Så fekk Sævik ordet og brukte dei neste 40 minutta til å framstille seg sjølv som ein nøktern, beskjeden og solid forretningsmann med djupe røter i vestnorsk kystbygdekultur.

Han hadde merka seg tre ankepunkt mot han, som han ville svare for.

  • Hovudkontor i Florø
  • Å få inn regionale medeigarar
  • Evna til å betale for seg

Fast fisk for Florø

– So lenge eg sete ved roret, skal hovudkontoret vere i Florø! Og det har eg forankra med neste generasjon, sa Sævik på tydeleg sunnmørsk.

Likevel sa fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) at ho og hennar parti ville ha ein enno tydelegare garanti. Ho bad om at teksten i aksjeavtalen vart presisert for å understreke det.

Etter ei kort kviskrerunde med advokaten sin, Stein Pettersen frå Wikborg & Rein, sa Sævik at han kunne gå med på det. Så lenge det ikkje vart slik at heile avtalen no skulle opp til reforhandling.

Fylkesutval

STILTE SPØRSMÅL: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Investorjakt på Nordvestlandet

Sævik hadde merka seg saka om at næringslivsmannen Arne Stang ikkje lenger vil inn som medeigar i Fjord1. I avtalen står det nemleg at Sævik og fylkeskommunen pliktar å få inn medeigarar med regional tilknyting til Sogn og Fjordane og/eller Sunnmøre.

Det arbeidet held fram, utan Stang.

Sævik sa at han hadde hatt møte med ein investor frå Sogn og Fjordane i Oslo i førre veke. Han har avtalt eit møte med ein annan investor frå fylket under Oljemessa i Stavanger. Og allereie torsdag skal han møte ein tredje investor som han kalla ein tydeleg vestlending.

Toler ein tur i potetåkeren

Vidare hadde han ei grundig orientering om heile Havila-konsernet sine ulike selskap og økonomi. Her vedgjekk han at Havila Shipping slit.

– Offshore-nedturen vår med Havila Shipping var ikkje den fyrste. Og ikkje den siste. Men det var den største og tøffaste.

Men det er ikkje Havila Shipping som kjøper Fjord1. Difor meiner han at økonomien i konsernet er trygg og god nok til å kunne gjere opp for seg.

– Havila Shipping kan gå rett i potetåkeren, utan at det får konsekvensar for Havila Holding.

Han synte vidare til at dei stiller med sjølvskuldargaranti og bankgaranti for at fylkeskommunen skal få pengane sine. Uansett.

Tunge tider er tilbakelagt

Etter presentasjonen stilte fylkespolitikarane fleire detaljspørsmål, og bad om utdjupingar. Til slutt kjente dei seg trygge nok på sunnmøringen til at dei samrøystes gjekk inn for å selje til han.

Etter møtet sa han til NRK at han var letta og glad:

– Eg synest dette verkar lovande for framtida. Dei vanskeleg tidene er tilbakelagt.

– Kva vil du seie til innbyggjarar i Sogn og Fjordane som lurer på om du er den beste eigaren av Fjord1?

– Det er det berre framtida som kan gje eit skikkeleg svar på. Men eg trur ikkje dei skal bli skuffa.