Hopp til innhold

Ville helst at fylket heldt fram som eigar

Flora-ordførar Ola Teigen var ikkje kjend med at Sogn og Fjordane fylkeskommune forhandla om sal aksjane i Fjord1 til Havila. Han er likevel ikkje overraska over at det er det som vart resultatet.

Ola Teigen

IKKJE OVERRASKA: Ola Teigen (A) er ordførar i Flora.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi har visst lenge at fylkeskommunen vil selje seg ned, og selje sin aksjepost. Spørsmålet har vore til kven dei skal selje, og om dei får selje, seier Teigen.

Onsdag ettermiddag vart det kjent at Sogn og Fjordane fylkeskommune har singert ein avtale om sal av sine aksjar i Fjord 1 AS, til minoritetseigar Havila.

– Personleg meiner eg at fylkeskommunen er godt i stand til å eige denne aksjeposten sjølve. Om det er Sævik og Havila eller andre som får kjøpe har ikkje eg vore så oppteken av, seier Teigen.

Glede blant dei tilsette

– Eg har sagt heile tida at det beste for Fjord1 er at Havilafjord kjem inn på eigarsida.

Slik kommenterer hovudtillitsvald i Fjord1, Daniel Nedrelid, nyheita om aksjesalet.

At fylkeskommunen i utgangspunktet ynskte å selje aksjeposten til Torghatten har skapt mykje turbulens, men tidlegare i sommar sette Konkurransetilsynet foten ned for desse planane.

Daniel Nedrelid, hovudtillitsvald i Fjord1

NØGD: Daniel Nedrelid er hovudtillitsvald i Fjord1 i Florø.

Foto: Privat

– No håpar eg at vi får ro i selskapet, slik at alle kan trekke i same retning.

– Trur du arbeidsplassane i Florø blir tryggare med Havila som eigar, enn dei hadde vore med Torghatten?

– Ja, eg er overtydd om at hadde Torghatten kome inn som eigar så hadde arbeidsplassane i Florø vore vekke i løpet av eit par år, seier Nedrelid.

Vestlandskonstellasjon

Avtalen som fylkeskommunen no har inngått med Havila inneber at fylkeskommunen i løpet av hausten sel seg ned til ein eigardel på 33 prosent i Fjord1, og at det blir lagt opp til sal av resten av aksjane i løpet av to år.

I den perioden skal partane jobbe for at også andre regionale investorar kjem inn på eigarsida.

– Det hadde vore spanande om det finst regionale eigarar, kanskje ein konstellasjon på Vestlandet, som kunne kjøpe seg inn. Det er vanskeleg å spekulere noko meir no, før vi får sjå noko meir konkret om kva fylkesutvalet og Fylkestinget meiner om saka, seier Teigen.