Hopp til innhold

Hevda arbeidspress var grunnen at ikkje utstyret vart køyrt til fylkeskommunalt lager

Den tidlegare fylkestoppen hevdar han berre mellombels hadde lagra utstyr på fleire ulike lokalitetar.

Aktor Magnus Engh Juel og forsvarar Stig Nybø

AKTOR: Politiadvokat Magnus Engh Juel i diskusjon med forsvarar Stig Nybø før andre dag av rettssaka mot den underslagstiltalte tidlegare fylkestoppen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mykje utstyr har stått i fleire år utan å ha blitt nytta til det føremål det vart kjøpt inn til, men mannen forklarte for retten at han like før han vart pågripen var begynt å flytte på utstyret.

– Eg hadde kontroll på kvar utstyret var. Hadde eg fått to-tre veker til så hadde alt vore på Leikanger, sa mannen då han i dag heldt fram si frie forklaring i Fjordane tingrett.

Sjølv forklara han at stort arbeidspress var årsaka til at han ikkje hadde fått køyrt utstyret til fylkeskommunen sitt lager.

– Eg veit kva som var planlagt

Mannen står tiltalt for å ha kjøpt utstyr for 3,7 millionar kroner på fylkeskommunen si rekning. Mykje utstyr har vore nytta av den lokale fotballklubben, der han er styremedlem, og skular. Det er også lånt ut utstyr til private arrangement.

– Eg har lånt ut, men aldri tatt betaling for det. Eg tenkte det var greitt å låne ut sidan eg hadde utstyret ståande og eg ynskjer å bidra, sa han frå vitneboksen.

Då rettssaka starta onsdag erkjende han å ha brukt 150.000 fylkeskommunale kroner på private ting. Mannen gjekk torsdag igjennom innkjøpa faktura for faktura.

– Eg veit kva som er planlagt med utstyret, og ja, eg har kjøpt inn utstyr av god kvalitet og breitt bruksområde, sa han.

Hadde ambisjonar

Mannen erkjende å ha stor interesse for teknologi og bruk av det innan tenesteområdet. Frå vitneboksen presenterte han ambisjonar om å gjere opptak av møte og produksjon av filmar for å rekruttere arbeidskraft. Han gjekk igjennom billag for billag

Den lokale fotballklubben har mellom brukt video og lydanlegg, samt latt dommarar nytte sett med interkom.

– Det er heilt rett at dei kan nyttast som dommarradioar, men dei var kjøpt inn saman med kamerasett for å vere trådlaus interkom med kamera i til dømes førelesning eller personalsamlingar, sa han.

Andre visste om utstyret

Frå vitneboksen forklara mannen at han mista kontroll på kva av utstyret som skulle kvar, at han burde vore meir nøyaktig i bruk av referansar og at han burde fokusert meir på å køyre varene til det fylkeskommunale lageret framfor å handle nytt.

Mannen hevda å mellom anna diskutert skredutstyr og behov for filmutstyr med andre i fylkeskommunen og at andre enn han visste at det stod ein del utstyr ute.

– Før eg vart meldt, har eg aldri fått vite at eg hadde gjort feil i innkjøp. Andre visste om innkjøpa, og eg har følgt fylkeskommunen sine prosedyrar og billagssystemt. Eg har ikkje tukla med det og ikkje sletta verken e-post eller SMS, sa han.