Hopp til innhold

Politiet: Fylkestopp brukte offentlege midlar på fotballklubb

Ein tidlegare leiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune er tiltalt for grov økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner. Han skal mellom anna ha brukt offentlege midlar til å kjøpe inn kostbart utstyr som vart brukt av ein lokal fotballklubb.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

Den tidlegare leiaren i fylkeskommunen er tiltalt for å ha kjøpt inn utstyr for 3,7 millionar kroner, utstyr påtalemakta meiner fylkeskommunen ikkje hadde behov for.

Foto: Arild Nybø / NRK

Den tidlegare fylkestoppen sin advokat, Stig Nybø, karakteriserer den alvorlege tiltalen som «hinsides».

– Han har heile tida vedgått å ha gått utanfor sine fullmakter for eit beløp på om lag 150.000 kroner. Dette er noko heilt anna enn tiltalen som er heilt «hinsides» all sunn fornuft, seier Nybø.

– Den tidlegare sjefen i fylkeskommunen blir skulda for å ha lånt vekk mykje av utstyret han kjøpte inn på fylkeskommunen si rekning. Kva kommentar har du til det?

– Dels er utstyret teke i bruk der det skal brukast, dels er det lagra. Det som var lånt ut er bagatellmessige ting. Forutan at han har brukt 150.000 utan rettmessige fullmakter, vil vi krevje frifinning, seier Nybø.

Gåvekort, dronar og champagnekjølar

Fotballklubben har brukt lyd- og filmutstyr, utstyr for å streame på internett og kommunikasjonsutstyr som har vore kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning.

Magnus Engh Juel

Ifølgje tiltalen skal den tidlegare fylkestoppen ha kjøpt inn datautstyr, film- og lydutstyr, gåvekort, verktøy, dronar, trenings- og friluftsutstyr, byggematerialer, mobiltelefonar, champagnekjølarar og røykmaskin for til saman 3,7 millionar kroner.

Magnus Engh Juel

Politiadvokat Magnus Engh Juel hevdar at ein del av utstyret som vart kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning har vore brukt av ein lokal fotballklubb.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Utstyret vart betalt av fylkeskommunen ved at vedkomande bestilte det i fylkeskommunen sitt namn og at fakturaene vart sende dit. Ein del av utstyret skal ifølgje tiltalen vere brukt til private føremål. Resten av utstyret skal ifølgje politiadvokat Magnus Engh-Juel ha vore brukt av ein lokal fotballklubb.

– Fotballklubben har mellom anna brukt lyd- og filmutstyr, utstyr for å streame på internett og kommunikasjonsutstyr som har vore kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning, seier han.

Fotball-toppar og fylkesrådmannen må i vitneboksen

Det var rett før jul i 2014 at fylkesrådmann Tore Eriksen fekk mistanke om at den tidlegare leiaren hadde gjort seg skuldig i økonomisk utruskap. Han vart suspendert, før han til slutt fekk sparken.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Fylkesrådmann Tore Eriksen skal vitne i rettssaka mot den tidlegare leiaren i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rettssaka tek til ved Fjordane tingrett i Førde den 14. juni. Det er kalla inn 40 vitne. Sentrale personar i den lokale fotballklubben står på vitnelista. Det same gjer fylkesrådmann Tore Eriksen og fleire noverande og tidlegare tilsette i fyllkeskommunen. Det er sett av 15 dagar til rettssaka. Strafferamma for grov økonomisk utruskap er seks års fengsel.