NRK Meny
Normal

Må svare for utstyrskjøp i millionklassen

Den tidlegare fylkestoppen held i dag fram forklaringa si i Fjordane tingrett.

Aktor Magnus Engh Juel og forsvarer Stig Nybø

PLANLEGGING: Aktor Magnus Engh Juel og forsvarer Stig Nybø diskuterer andre dag av rettssaka mot den tidlegare fylkestoppen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen sit tiltalt for grov økonomisk utruskap mot fylkeskommunen. Politiet meiner at mannen over ein periode på fire år skal ha brukt fylkeskommunale pengar på utstyr han kjøpte til privat eige.

Saka starta i Fjordane tingrett i går. Mannen erkjende straffskuld for å ha handla utstyr for 150.000 kroner på fylkeskommunen si rekning. Tiltalen går på 3,7 millionar kroner.

– Eg har hatt god økonomi og det er fullstendig toskete det eg har gjort. Eg erkjenner å ha gjort feil og eg fortener at eg mista jobben, sa mannen i første dag av rettssaka.

Politiet har teke beslag i mellom anna datautstyr, filmutstyr, lyd- og lysutstyr og anna utstyr. Mannen skal også ha kjøpt gåver, champagnekjølar og røykmaskin. Mellom anna skal ein lokal fotballklubb ha fått nytta ein del av utstyret. Det er venta at mannen vil forklare seg nærare om dette i dag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser