– Dette er med blanda kjensler

LÆRDAL (NRK): Ein sal full av jegerar møtte opp for å få informasjon om den tunge oppgåva dei står framfor. Dei skal utrydde heile villreinstamma i Nordfjella.

 Jegerar på infomøte om skrantesjuke

STORT FRAMMØTE: Salen var fylt opp under informasjonsmøte i Lærdal, om korleis ein skal forsøke å kvitte seg med skrantesjuke i Nordfjella.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Det er mykje skepsis til om dette er rett. Om det ikkje går for fort, og om kjøtet vil vere etande, seier leiar, Sigmund Tveitehagen i Nordfjella villreinutval.

Etter å ha funne skrantesjukesmitte hos fleire av reinsdyra i Nordfjella, har regjeringa bestemt at ein skal slakte ned heile stammen.

Står framfor ein spesiell jaktsesong

For jegerane blir det ein annleis jaktsesong. Og det blir heller ikkje villrein-jakt på dei på nokre år, etter at stammen forsvinn.

– Det blir med blanda kjensler. Vi jaktar ikkje berre på dyret i år, men også på ein sjukdom, seier jeger, Ragnhild Einemo.

Ragnhild Einemo

JEGER: Ragnhild Einemo trur det blir ei spesiell jakt i år. Ho er blant dei som har fått i oppgåve å utrydde villreinstamma i Nordfjella.

Foto: Håvard Heggen / NRK

CWD-koordinator, Jørn Våge, ved veterinærinstituttet var til stades under jegermøtet for å informere om sjukdommen. Innan mai i 2018 må over 2000 reinsdyr vere avliva, og Våge fekk ei rekke kritiske spørsmål frå jegerane om kvifor dette må skje så raskt.

– Det viser at kunnskapen og forståinga av alvoret i sjukdommen er mangelfull. I lys av det er det ikkje overraskande at mange framleis har vanskar med å forstå vedtaket som er gjort, seier han.

Ifølge Våge er ein i ei tidleg utviklingsfase av sjukdommen, og at ein må handle raskt, så ikkje dette utviklar seg i ei veldig negativ retning.

– Sjukdommen blir ikkje borte av seg sjølv. Den vil auke. Det er ingen enno som kan gi tydelege svar på omfanget av sjukdommen, men den har stort potensial. Det har historia frå Nord-Amerika vist.

Jørn Våge

MÅ HANDLE RASKT: Skrantesjuke-koordinator, Jørn Våge seier ein ikkje har anna val enn å handle raskt, for at ikkje sjukdommen skal utvikle seg i negativ retning.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Men jegerane trur det blir ei utfordring å avlive så mange dyr på så kort tid.

– Eg veit ikkje om det er kontorfolk eller jegerar som har bestemt at det skal skje innan så kort tid. Det vil bli vanskeleg, seier Ragnhild Einemo.

Mange reagerer sterkt

Leiaren av villreinutvalet, Sigmund Tveitehagen, har fått mange reaksjonar frå jegerane.

– Mange demonstrerer og held seg heilt unna den oppgåva vi har fått pålagt. Det er lite solidarisk, seier Tveitehagen.

Sigmund Tveitehagen

SKEPSIS: Sigmund Tveitehagen seier mange av jegerane er skeptiske til det som skal skje denne jaktsesongen.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Eit av tiltaka for å få avliva dyra er å samle dei i innhegningar og ta livet av dei. Denne metoden er jegerane spesielt ueinige i.

– Eg har ikkje tru på dette. Om ein ikkje tek omsyn til det etiske, går det meste. Men det er vi ikkje interesserte i, seier Tveitehagen.

Sjølv gruer han seg til jakta tek til i haust. Mykje på grunn av dei mange løyva og at det no vil bli veldig mange i fjellet samstundes.

– Den hyggelege opplevinga der ein vanlegvis er åleine i fjella blir borte. No blir det mange pressa situasjonar både for oss og dyra, seier han.