Hopp til innhold

Slik skal 2200 villrein avlivast

Utvida ordinær jakt kombinert med statlege fellingslag på snøskuter og i helikopter skal i løpet av eitt år utrydde rundt 2200 villrein i Nordfjella for å prøve å få bukt med den frykta skrantesjuka.

Villrein i Lærdalsfjella

VILLREIN I LÆRDAL: Villreinstammen i fjellområda mellom Sogn og Hallingdal skal utryddast.

Foto: Jan Christian Jerving

Den ordinære jakttida blir kraftig utvida, og jegerane treng ikkje tenke på kvotar. Men dette er neppe nok. Difor skal statlege fellingslag inn etter at jakta er over, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn.

– Det blir ti personar som skal jakte i ei veke om gongen, med fri i to veker, slik at det i alt blir 30 som er involvert. Dei skal bruke snøskuterar og helikopter og skal skyte rein frå slutten av oktober til utpå våren.

Planen frå Miljødirektoratet og Mattilsynet for korleis Norge skal bli kvitt skrantesjuka på hjortedyr vart i dag lagd fram og velsigna av landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Han seier dei no treng mange jegerar.

– Målet er at vi kan legge dette området brakk i nokre år, før vi kan etablere ein ny stamme med frisk villrein.

Samle dyr i innhegningar

Pål Prestrud, Baalsrud og Jon Georg Dale

VELSIGNAR PLANEN: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (t.h.), saman med direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn og direktør Karen Johanne Baalsrud i Mattilsynet.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Direktør Karen Johanne Baalsrud i Mattilsynet seier at dei vil gi villreinjegerane så gode vilkår som mogeleg, mellom anna kan statlege etatar hjelpe til med uttransport av kjøt med helikopter.

Som eit tredje tiltak nemner ho å samle villreinen i store innhegningar og avlive dei der.

– Det er kanskje den minst sikre delen av planen, for det har aldri vore prøvd før med villrein.

Jon Georg Dale

– MÅ SKJE KJAPT: Statsråd Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Erik Waage

Statsråd Dale seier det er viktig at nedskytinga av villreinen skjer kjapt og effektivt.

– Målet er at dette skal vere gjort innan 1. mai neste år. Di raskare vi får gjort det, di raskare kan vi få etablert ein ny villreinstamme. Og gjer vi det ikkje, vil sjukdommen byggje seg opp, og smittepresset mot andre hjortedyr aukar.

For å forsikre seg om at skrantesjuka ikkje har spreidd seg til andre hjortedyr skal det i komande jaktsesong bli teke opp mot 20.000 prøver av elg, hjort og andre ville dyr.

Oppdaga våren 2016

Det var våren 2016 det første tilfellet av hjernesjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) vart påvist i Norge, på ei død reinsimle i Lærdalsfjella. I mai same året vart CWD påvist på to elgar i Trøndelag. Tidlegare er sjukdomen berre kjend frå USA og Canada.

Sidan har sjukdommen fått det norske ordet skrantesjuke. I mai i år tok statsråd Jon Georg Dale den dramatiske avgjerda: 2200 villrein må avlivast i Nordfjella, som ligg mellom riksveg 5 over Hemsedalsfjellet og Hardangervidda, i kommunane Hol og Hemsedal i Buskerud, og Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane.

Nordfjella villreinområde - kart

STORT OMRÅDE: Nordfjella villreinområde strekkjer seg over fire kommunar i Buskerud og Sogn og Fjordane.