Hopp til innhold

– Å slå saman vala er eit skot i blinde

Raudt-politikar Geir Oldeide tolkar forslaget til KrF-nestleiaren om å slå saman vala som ein desperat manøver frå eit parti i krise.

Geir Oldeide

NEI TIL ARBEIDSRO: Geir Oldeide i Raudt meiner forslaget om å slå saman vala bygger på ei «fundamental misforståing» om kva det vil seie å vere folkevald.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Det er ikkje tilfeldig at dette kjem frå KrF, seier Geir Oldeide, gruppeleiar for Raudt i kommunestyret i Kinn.

Tidlegare i veka tok KrF-nestleiar Ingelin Noresjø til orde for å slå saman Stortingsvalet med kommunestyre- og fylkestingsvalet.

Oldeide meiner forslaget må sjåast i lys av at Kristelig Folkeparti har vanskar med å stille vallister i store deler av landet. I Sogn og Fjordane var det i haust åtte kommunar der KrF ikkje stilte til val.

– Eg tolkar dette som ein passe desperat kvikk-fiks frå et parti som har hatt ei nedgåande kurve i ei årrekke, seier han.

– Konspiratorisk

– Geir Oldeide har veldig ofte ein konspiratorisk inngang til det han kommenterer. Og KrF har vel fleire lister enn Raudt, seier Trude Brosvik, tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF.

Men ho er einig med Oldeide i at det er «ein dårleg ide» å slå saman vala.

Også Ingelin Norebø avviser at utspelet skyldast problem med å stille lister

– Dette er noko eg har meint i 20 år, seier ho, og presiserer og at utspelet står for hennar eiga rekning og ikkje er forankra i partiet.

– Så er eg klar over at eg nok er i mindretal i paritet, men eg meiner at denne debatten er så viktig at eg vel å løfte han no.

Ingelin Noresjø

NØGD MED DEBATTEN: Det vil vere sunt for Noreg med lengre mellomrom mellom vala, meiner KrF-nestleiaren Ingelin Noresjø, som er nøgd med debatten ho har vekt.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Ei fundamental misforståing

I utspelet 22. september argumenterte Noresjø for samanslåinga langs fleire spor. For det fyrste meiner ho at hyppige val øydelegg «kontinuiteten i dei demokratiske prosessane». For det andre handlar det om ressursbruk. For det tredje handlar det om å få opp valdeltakinga. Ved stortingsvalet sist stemte 78,2 prosent. Mot 64,7 prosent i kommunestyrevalet 9. september.

Og til sist meiner ho at den vanlege innvendinga om at dei nasjonale perspektiva vil overdøyve dei lokale sakene kling hult. «Det gjer dei uansett», som ho seier.

Oldeide seier at han «ikkje kjøper» nokre av desse argumenta, aller minst det om «arbeidsro», som han meiner bygger på ei «fundamental misforståing» om kva det vil seie å vere folkevald.

– Politikarar er ikkje administratorar som må få styre i fred. Om noko er utfordringa den stikk motsette, seier han, og føreskriv «fleire kontaktpunkt» mellom veljarane og deira folkevalde.

– Bindinga må styrkast, ikkje svekkast. Folk må involverast, ikkje passiviserast. Da vil også valoppslutninga gå opp.

LES MEIR: Det å slå saman val vil auke valdeltakinga, det er ganske sikkert. Et anna moment er at partia vil få meir arbeidsro, når det er fire år mellom kvart val, seier Bernt Aardal.

– Val er kostbart

I haust stilte 136 lokale lister til val på kommunenivå. Blant desse Samfunnsdemokratane i Gloppen, som leias av Gunnvor A. Sunde. Ho deler synspunkta til Ingelin Noresjø, og seier ho har «inga motførestillingar» mot å slå saman vala.

– For meg er ressursperspektivet det viktigaste, seier ho.

– Val er kostbart.

– Det vert sagt at lokale variasjonar og forhold – symbolisert ved uavhengige lister – vert vanskelegare å spegle om logikken frå rikspolitikken blir for einerådande. Du fryktar ikkje for Samfunnsdemokratane si skjebne om vala slåast saman?

– Nei, om noko trur eg valdeltakinga vil gå opp, og at det vil auke oppslutninga om oss.

Gunnvor Sunde, Samfunnsdemokratane

EINIG MED NORESJØ: Gunnvor A. Sunde i Gloppen har «inga motførestillingar» mot å slå saman vala.

Foto: Artur do Carmo / NRK