146 uavhengige lister stiller til val i haust – Bjarne toppar to av dei

HERØY/VOLDA/VEVELSTAD (NRK): Norge har ni stortingsparti, men over 16 gonger så mange andre lister stiller til val i haust. Og fenomenet med dei lokale listene ser ikkje ut til å forsvinne.

Bjarne Kvalsvik

DOBBEL LISTETOPP: Få har meir erfaring frå uavhengige lister enn Bjarne Kvalsvik i Herøy på Sunnmøre. Framfor haustens val toppar han både Folkelista i heimkommunen og Uavhengig liste for Sunnmøre på fylkesnivå.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Få kjenner dei uavhengige listene betre enn Bjarne Kvalsvik frå Herøy på Sunnmøre. Han toppar både Folkelista i Herøy i kommunevalet og Uavhengig liste for Sunnmøre i fylkestingsvalet. Han ser mange fordelar med dei uavhengige listene.

– Vi slepp å bli styrte ovanfrå og slepp å kome på kollisjonskurs med eige parti. Kva Høgre gjer eller kva dei på Nordmøre meiner treng vi ikkje om å ta omsyn til, seier Kvalsvik.

Han hadde bak seg periodar i kommunestyret for både KrF og Senterpartiet, men fann seg ikkje til rette. I 2003 vart Folkelista stifta, med kampen for grendeskulane som den viktigaste saka.

136 i kommunevalet

Kvalsvik sat også på fylkestinget for Sunnmørslista Tverrpolitisk liste for Sunnmøre, men intern usemje førte til at Herøy-mannen gjekk ut. Han skipa derfor Uavhengig liste for Sunnmøre i 2015 og overraska mange ved å kome inn på fylkestinget.

– Vi på den gamle sunnmørslista klarte ikkje å samarbeide, innrømmer Kvalsvik.

Han er nok unik i norsk samanheng, men det er ikkje fenomenet med dei lokale listene.

Ei fersk oversikt NRK har laga (sjekk faktaboksane nedst i saka) viser at 136 lokale lister stiller til val i haust på kommunenivå. I tillegg kjem fem lister på fylkesnivå og fem samiske lister. Det betyr 146 uavhengige lister til saman.

Desse kjem altså i tillegg Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Framstegspartiet, KrF, SV, Senterpartiet, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne – og ei rekkje parti som ikkje har stortingsplass, som Pensjonistpartiet, Helsepartiet, Partiet Dei Kristne, Piratpartiet og mange andre.

Skulekamp og bompengar

Spennvidda blant dei uavhengige listene er stor. I Tvedestrand i Agder stiller «Xtra-lista». I Larvik i Vestfold har dei «Bedre Larvik». I Østfold (snart Viken) finn vi «Hvaler Styrbord​​».

Einar Busterud

Einar Busterud har vore ordførar i Hamar i fire periodar som representant for «By- og bygdelista».

Foto: Knut Røsrud / NRK

I Buskerud vart «Kongsberglista for en attraktiv kommune» største parti i 2015 og prøver igjen i år.

«By- og bygdelista» i Hamar har faktisk hatt ordføraren i fire periodar. «Optimum – borgerlig bygdeliste» i Namsskogan har tradisjonar over 50 år tilbake.

I Sarpsborg kallar ei liste seg rett og slett «Det rette parti».

Inger Staxrud, Bygdelista

Inger Staxrud var ordførar for Gran bygdeliste i Gran i Oppland mellom 2007 og 2011. Lista fekk igjen ordføraren i 2015: Willy Westhagen.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Ifølgje Bjarte Folkestad, valforskar ved Høgskulen i Volda, kan dei lokale uavhengige listene vere ein protest mot det etablerte. Men det kan også vere andre grunnar til at dei blir etablerte.

– Det kan vere personar som ikkje kjem så høgt opp på listene til dei etablerte partia som dei ønskjer, og derfor heller startar si eiga liste. Listene kan vere saksorienterte, og handle om til dømes skulenedleggingar eller bompengar, seier Folkestad.

– Forbausande stabilt

Folkestad har forska på lokale lister. Tala på lokale lister har ifølgje Folkestad vore overraskande stabile. Etter ein topp på slutten av 90-talet då det var om lag 45 prosent av kommunane i Norge som hadde lokale lister, har prosenten stabilisert seg på rundt 30 dei siste vala.

Og trass i at mange kommunar slår seg saman frå 1. januar 2020 er talet på lokale lister ikkje langt unna nivået frå 2015 – 136 mot 150 den gongen.

– Stabiliteten overraskar oss. Men om vi dykkar under tala ser vi at det er litt gjennomtrekk i kommunane. Nokre kommunar har lokale lister den eine valet, men ikkje det neste – og omvendt. Fenomenet med lokale lister er levedyktig, for ein skulle eigentleg tru at dei skulle forsvinne over tid, seier Bjarte Folkestad.

– Lettare å få gjennomslag

Odd A. Folkestad har erfaringar frå både etablerte parti og lokale lister. Han sat tre periodar i kommunestyret i Volda for Venstre på 70- og 80-talet. Då han vende tilbake i kommunestyret i 2011 var det for «Ferjelista». I 2015 vart Folkestad derimot valt inn for Framstegspartiet. Ein intern konflikt i vinter gjorde at veteranen braut ut. No er han ordførarkandidat for den ferske «Voldalista».

Odd A. Folkestad

Odd A. Folkestad har lang erfaring frå både etablerte parti og lokale lister. Etter ein intern strid i Framstegspartiet i vinter trekte han seg frå kommunestyregruppa. No er han ordførarkandidat for «Voldalista».

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

– Dei i dei vanlege partia bryr seg ofte meir om kva som står på partiprogramma laga i Oslo enn kva som er den lokale folkemeininga. Det er også lettare å få gjennomslag frå ei partipolitisk nøytral liste, meiner Odd A. Folkestad.

Som skryt av å ha ei liste med folk frå forskjellige parti, i tillegg til folk som aldri har vore involvert i politikk.

Flest i Nordland

Ingen fylke har fleire uavhengige lister i kommunevalet enn Nordland. Der er det heile 29 slike lister. Og i Vevelstad har dei faktisk ingen parti, berre Samarbeidslista og Kommunelista.

Listetoppane slit med å forklare kva som eigentleg er forskjellen på listene.

– Godt spørsmål. Eg har ikkje noko godt svar på det akkurat no, seier Torhild Haugan, listetopp for Samarbeidslista.

Haugan legg til at begge listene er opptekne av samferdselsprosjekt, men kanskje ikkje på dei same plassane i kommunane.

– Det er like mykje usemje internt i listene som det er mellom dei to listene. Vi ser fram til å samarbeide med Samarbeidslista også etter valet. Vi er stort sett einige om det meste, seier John-Arne Nilsen, listetopp for Kommunelista.

Nilsen skulle helst sett at det var fleire lister i kommunen, og synest det er synd at Arbeidarpartiet ikkje stiller denne gongen.

Nilsen Haugan

SAMARBEIDER: Torhild Haugan på Samarbeidslista og John-Arne Nilsen på Komunelista representerer dei to einaste listene i Vevelstad. – Sånn er det i små kommunar, seier Nilsen.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Kjem til byane

Dei lokale listene kjem og går, men ifølgje valforskar Bjarte Folkestad ser han ei vesentleg endring. Lokale lister var tidlegare vanlegast små stader. No er fenomenet i ferd med å spreie seg til dei store byane.

Bjarte Folkestad

Bjarte Folkestad, valforskar ved Høgskulen i Volda, seier at talet på lokale uavhengige lister i Norge har vore overraskande stabilt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er ein tendens som blir spennande å følgje med på. Kanskje vil det bety at vi får like mange eller kanskje til og med endå fleire lokale listar i tida som kjem. Kommunereforma som kjem no kan i seg sjølv generere misnøye, og dermed då potensial for lokale lister, vurderer Bjarte Folkestad.

Bjarne Kvalsvik i Herøy forstår at mange synest det kan bli for mange lister, men han ser ingen veg tilbake.

– Vi er ikkje bundne av Erna Solberg eller Jonas Gahr Støre, seier Kvalsvik og smiler breitt.

NB. I den første versjonen av denne saka vart listene til Folkeaksjonen nei til mer bompenger rekna som lokale lister. Men i august 2018 vart dei medlem i partiregisteret. I den oppdaterte versjonen er dette tatt omsyn til.