Sjå nøye på dette biletet: Dette har ikkje skjedd på 40 år

Då landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) vitja Nordfjord Kjøtt i dag, var det ein merkedag. Ho er første statsråd som vitjar Loen-bedrifta på 40 år.

Listhaug vitjar Nordfjord Kjøtt

ENDELEG: Adm. dir. i Nordfjord Kjøtt, Geir Egili Roksvåg og landbruksminister Sylvi Listhaug hadde mykje å prate om.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var ei stor oppleving og ei stor overrasking. Ein dyktig og hyggeleg landbruksminister, seier administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg.

Listhaug vart synt rundt på fabrikken, og ho og Roksvåg fekk god tid til å prate om både eitt og hitt.

– Dette set vi veldig stor pris på, seier Roksvåg.

Vil ha ei lemping av marknadsreguleringa

Praten mellom Roksvåg og Listhaug gjekk lett. Og han var klar på kva han meiner er sitt beste råd til landbruksministeren.

– At ho steller godt med bøndene og at dei har ei inntekt som dei kan leve av, seier Roksvåg.

Han ønskjer også ei lemping av marknadsreguleringa.

– Då får vi ein jamnare tilførsel i Norge, og det bør kanskje vere friare enn det er i dag, seier Roksvåg.

Han peikar på at slik det er i dag har ein for lite tilgang på gris på den norske marknaden.

– Det burde vi hatt eit mykje betre system på, seier Roksvåg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

INNSYN: Landbruksminister Sylvi Listhaug fekk innblikk i produksjonen hjå Nordfjord Kjøtt.

Viktig med konkurranse

Landbruksministeren tykte det var kjekt å sjå korleis ting fungerte på Nordfjord Kjøtt.

– Dei er ei veldig ekspansiv bedrift som verkeleg har gjort det kjempebra. Dei er det største anlegget i Norge. Dei har ikkje hatt ein statsråd på besøk på 40 år, og det seier kanskje litt om korleis dei private aktørane utanom samvirka har vorte behandla, seier Listhaug.

Ho legg til at det er viktig med denne type bedrifter.

– Det er kjempeviktig at vi har konkurranse. Eg ønskjer å stimulere til auka konkurranse, og det er difor vi har sett ned eit utval som skal sjå på ordningane for marknadsregulering, seier Listhaug.

Utvalet skal jobbe fram til 1. juni 2015.

– Og så vil vi sjå på kva grep vi eventuelt kan ta for å få auka konkurranse både innan meieri- og kjøtmarknaden, seier Listhaug.

Kjenner småbruket godt

På førehand har Listhaug fått kritikk frå bønder for at ho på turen i Sogn og Fjordane berre vitjar eit stordriftsfjøs og ei privat bedrift, noko som passar godt med Frp sin politikk.

– Seinast førre veke vitja eg Nortura i Målselv, eg har vore på små bruk og store bruk. Her fekk eg ein invitasjon frå Bjørn Lødemel (H) om å vitje eit storbruk i Hornindal, og det tykte eg var hyggeleg, seier Listhaug.

Ho peikar på at ho sjølv kjem frå eit småbruk i Møre og Romsdal med 14 mjølkekyr.

– Så eg veit ganske godt, etter 36 år, kva det vil seie å drive eit lite mjølkebruk på Vestlandet, seier Listhaug.

Listhaug var også innom Gloppen hotell, bollebutikken på Breim og eit gardsbruk i Hornindal.

– Det er mange mytar om regjeringa sin landbrukspolitikk som ikkje stemmer. Då er eg veldig glad for å få moglegheita til å korrigere det. Vi kan godt vere usamde om verkemiddel, men å få ut det som er riktig, er viktig for at folk ikkje skal få frykt for framtida, seier Listhaug.

Vil finne fleksible løysingar

Ho legg til at det er direkte feil at regjeringa ønskjer å flytte mjølkekvotar frå Vestlandet til Austlandet.

– Det stemmer ikkje. Men vi skal finne fleksible løysingar slik at gardsbruk som ligg på grensene mellom fylke kan få moglegheit til å kjøpe seg opp, seier Listhaug.

Alle stadar som Listhaug vitja i dag var opptekne av at ho skal behandle bøndene fint.

– Bonden er den viktigaste aktøren for at vi skal produsere mat i Norge. Og norske forbrukarar ønskjer i stor grad norsk mat, og då må vi leggje til rette for det, seier Listhaug.

Ho legg til at regjeringa ønskjer auka matproduksjon.