Hopp til innhold

Meiner bøndene kunne tent nær 30.000 meir dersom dei leverte til Nordfjord Kjøtt

Geir Egil Roksvåg ved Nordfjord Kjøtt i Loen forstår ikkje kvifor så mange bønder leverer til Nortura. Han hevdar ein bonde med vel 20 kyr ville tene 29.000 meir på å levere hjå dei enn hjå konkurrenten Nortura.

Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg ved Nordfjord Kjøtt

VIL HA MEIR: Dagleg leiar ved Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, skulle gjerne fått fleire bønder til å levere kjøtt til Nordfjord Kjøtt.

Foto: Bård Siem / NRK

Roksvåg, som er dagleg leiar og eigar av Nordfjord Kjøtt, hadde måndag Frp-statssekretær Hanne Blåfjelldal i landbruksdepartementet på vitjing.

Han hevda då at det er vanskeleg å forstå kvifor så mange bønder vel å levere dyra sine til Nortura, og ikkje til Nordfjord Kjøtt.

For leiaren i Bondelaget i fylket, Per Hilleren, er det likevel berre Nortura som aktuell leveringsstad. Det har Roksvåg tungt for å forstå.

– Nei, eg forstår ikkje kvifor Hilleren ikkje vil levere til oss, seier dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg.

Vil ha meir

Nordfjord Kjøtt i Loen i Stryn har hatt ein eventyrleg vekst dei siste åra, frå ei omsetning på ein milliard i 2007 til å ha kome opp i 2,2 milliardar i fjor, noko som er rekord.

Driftsresultatet har auka frå 64 millionar i 2007 til 189 millionar i 2012. Resultatet frå i fjor er så langt ikkje offentleggjort.

Roksvåg ser for seg ytterlegare vekst og auka inntening, og ønskjer seg meir dyr frå nærområdet Sogn og Fjordane.

– Vi vil alltid ha meir, seier Roksvåg, som synte til eit reknestykke der det kjem fram at ein bonde med i overkant av 20 kyr vil tene 29.000 kroner ekstra på å levere til Nordfjord Kjøtt.

Men for leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, er det uaktuelt å levere til Nordfjord Kjøtt.

– Det har med leveringstryggleik og slikt å gjere, seier Hilleren.

Per Hilleren

NIKS: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, er fast bestemd på å halde seg til Nortura.

Foto: Johan Moen / NRK

– Men Roksvåg seier du kan tene mykje meir dersom du leverer hjå dei?

– Eg høyrer han seier det, seier Hilleren.

Viktig med ei hand på rattet

Medan overskotet i Nortura går attende til bøndene sjølve, går overskotet ved Nordfjord Kjøt i Roksvåg sine lommer. Så sjølv om Roksvåg kan lokke med høgare slakteprisar, vel dei fleste bønder likevel å levere til Nortura.

Tillitsvald for Nortura på Vestlandet, kjøtprodusent Paul Sindre Vedeld frå Rovde på Sunnmøre, seier det er fleire grunnar til å velje Nortura framfor private slakteri.

– Det viktigaste med Nortura er at bonden har ei hand på rattet når det gjeld alle bestemmingane rundt det å vere prissetjande, regulere marknaden og vere bonden sin forlenga arm inn i ein kjempetøff marknad, seier Vedeld.

– Så det er ingenting som kan få deg til å levere til Nordfjord Kjøtt?

– Nei, seier Vedeld.

Meiner bøndene må levere der dei får mest

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, støttar Roksvåg i at fleire bønder bør levere til Nordfjord Kjøtt.

– Viss bøndene klarar på inntektsgrunnlaget sitt, så må dei starte med å sjå på korleis dei sjølve organiserer verksemda si. Viss ein kan tene 29.000 kroner meir på å levere 23 slakt til Nordfjord Kjøtt enn til Nortura, så bør du seriøst vurdere å gjere det, før du masar om ytterlegare subsidiar, seier Djuvik.

– Men er det ikkje illojalt å levere til private, når overskotet i Nortura går til bøndene?

– Landbruket skal ikkje drivast på lojalitet. Bøndene skal gjere det som gagnar deira gardsbruk best, og ikkje i lojalitet til eit system eller ein organisasjon, seier Djuvik.

Likar konkurranse

Blåfjelldal er glad for at det finst bedrifter som Nordfjord Kjøtt.

– Eg har eit inntrykk av at det er ei veldig proff bedrift, som er viktig i lokalsamfunnet, og viktig for mange av matprodusentane her i Sogn og Fjordane, seier Blåfjelldal.

– Dette er vel ei bedrift som Frp har sansen for, ei privat bedrift der aksjonærane tener pengane, i motsetnad til Nortura der overskotet går tilbake til bøndene?

Blåfjelldal og Roksvåg

KONKURRANSE: Statssekretær i landbruksdepartementet, Hanne Blåfjelldal, vitja i går Nordfjord Kjøtt i Loen. Her saman med dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Nordfjord Kjøtt er ei bedrift som betyr mykje for bøndene i nærmiljøet. Dei er ein konkurrent til Nortura, og konkurranse, det likar vi. Men kva eigarform bedrifta har, kan ikkje vi leggje oss opp i, seier Blåfjelldal.

Vedeld seier at dei fleste bønder forstår kor viktig Nortura er for norsk landbruk.

– Tryggleiken for leveranse, mottaksplikta, leveringsplikta for bonden, det at bonden får levere uansett når det er. Og så har det noko å gjere med kven det er som kvart einaste år gjennom jordbruksforhandlingane har sagt at prisane på lammekjøt og storfe må opp. Bøndene ser kven som skubbar prisane oppover, bit for bit, seier Vedeld.