Hopp til innhold

– Importen kan slå beina under heile næringa

Å importere frukttre frå utlandet kan anten gå bra, eller slå beina under heile næringa, meiner ein av landets fremste forskarar innan frukt og bær.

Frukthagar på Njøs i Leikanger

SJANSESPEL: Forskar og dagleg leiar i Njøs Næringsutvikling, Stein Harald Hjeltnes er svært skeptisk til ei permanent ordning for import av frukttre. Spesielt fryktar han at skadelege materiale skal kome med på reisa.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er ein veldig stor risiko med handel med plantemateriale som passerer store område. Du får med deg mange framande artar, både insekt, soppar, virus og bakteriar, som det ikkje vert kontrollert for, og vert sleppte ut i den norske naturen, meiner Stein Harald Hjeltnes.

Han er dagleg leiar i Njøs Næringsutvikling og ein av landets fremste forskarar innan frukt og bær. Han er skeptisk til signala frå Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Tysdag vitja nemleg ministeren fruktbønder i Hardanger, og kunne avsløre at ho ønsker å innføre ei permanent ordning for import av eple- og pæretre til Noreg. Fram til no har ei mellombels ordning opna for import på særskilde vilkår.

– Næringa er delt i spørsmålet

Hjeltnes seier næringa er splitta i spørsmålet om import. Nokre har vore veldig for import, og vil applaudere det. Grunnen er at dei får ein mykje større, kraftigare plante, til ein rimelegare pris enn tidlegare.

Andre er skeptiske. Både fordi institusjonar og planteskular i Noreg vil miste sal og gå vanskelege tider i møte, men også på grunn av at dei meiner ein kan vere sikrare på at norske tre er friske.

– Dei gjerne ha ein norsk produksjon der dei veit at dei kjenner produksjonen heilt frå det reinaste plantematerialet fram til norske leverandørar som dei kjenner og har tillit til, seier Hjeltnes.

Han vedgår at norske tre har litt lågare og at prisen er dyrare, på grunn av dårlegare vekstvilkår.

– Vi har heller ikkje tilgang til å nytte dei stoffa og hormona som dei brukar i Belgia og Nederland for å lage desse trea.

Frukthage på Rake i Loen

TILLIT: Dei som er skeptiske til importen meiner ein kan vere sikrare på at norske tre er friske, og er også redde for konsekvensane for planteskulane.

Betre plantekvalitet, men ...

På kort sikt vil situasjonen for fruktbøndene kanskje betre seg, seier Hjeltnes. Forskaren seier at dei vil få ein betre plantekvalitet. Dei får eit kraftigare, større tre, dei vil få tidlegare bær, og sannsynlegvis ein styrka økonomi.

Likevel er han skeptisk. For han meiner skadeleg materiale kan slå beina under heile næringa.

– Kor mykje som vil kome med på lasset, og kva slags andre problem me vil kome borti lenger fram i tid veit med ingenting om.

– Så det er eit sjansespel?

– Ja, eg tykkjer det. Som all handel med plantemateriale er dette eit sjansespel. Me ser jo eit veldig tydeleg eksempel på det med brunsnigelen: Alle snakkar om kva vi skal gjere med han, men ingen stiller spørsmålet om kvifor han har kome hit, seier Hjeltnes før han svarar på sitt eige spørsmål.

– Det er på grunn av handel med plantemateriale. Me vil få mange, mange, mange slike eksempel framover, på grunn av at vi har så opne grenser for handel med biologisk materiale.

– Strengt kontrollregime

Då ho fortalde om forslaget i går, sa Listhaug at importen skulle vere kontrollert og "basert på EUs strengaste reglar."

Ho fekk støtte frå Mattilsynet, som vurderer risikoen som låg med dagens kontrollregime.

– All handel med plantar inneber ein risiko, men slik næringa sjølv vurderer dette så er fordelane større enn farane ved ein slik import, sa seksjonssjef Terje Røyneberg.

Matilsynet skal no lage eit utkast til ei endring i regelverket, som so skal ut på høyring. Fram til då held dagens mellombelse ordning fram.