Meiner ministeren berre besøker glansbileta

Bønder meiner landbruks- og matminister Sylvi Listhaug også burde besøke mindre gardsbruk i Sogn og Fjordane, og ikkje berre glansbileta for sin eigen politikk.

Sylvi Listhaug i fjøset

KRITIKK: Bønder kritiserer ministeren for å berre besøke glansbileta for sin eigen politikk når ho kjem til fylket på fredag.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Fredag kjem landbruksministeren på fylkesbesøk til Gloppen, Stryn og Hornindal. I Hornindal besøker ho ein stordriftsfjøs som har mjølkerobot. Berre to av 38 mjølkeprodusentar i kommunen er så store at dei nyttar robot.

Bonde Elias Eimehjellen i Hyen seier besøket til ein slik fjøs ikkje gir rett inntrykk av utfordringane for landbruket i fylket.

– Det hadde vore på tide at ho besøkte nokre litt mindre fjøs og litt eldre fjøs, slik at ho såg litt meir korleis dei fleste bøndene i Sogn og Fjordane har det, seier Eimehjellen.

Representerer ikkje kvardagen til bønder flest

Han driv eit mindre gardsbruk på 60 mål med dyrka mark i Hyen. Han har ein mjølkekvote på rundt ein tiandedel av det landbruksministeren meiner er framtidsretta gardsbruk. Han veit ikkje om han kjem til å halde fram som bonde.

– Dilemmaet mitt er kva eg skal gjere, seier Eimehjellen.

Bonden som får besøk av ministeren ynskjer ikkje å uttale seg om besøket. Men leiar i Bondelaget i Hornindal, Anders Hjellbakk, seier ministeren skal besøke ein framtidsretta, ny og fin fjøs, den største som er bygd i Hornindal.

Men for fleirtalet av bøndene i kommunen er framtida meir usikker.

– Dei fleste bøndene har ikkje den type fjøs som ho no skal besøke, seier Hjellbakk.

– Verkar ikkje som ho forstår utfordringane våre

Bondelagsleiaren seier bøndene svært gjerne hadde sett at ministeren også besøkte andre gardar.

– Dei kunne tenkt seg at ho fekk eit litt meir eit litt meir realistisk bilete av landbruket.

– Held det at ministeren seier ho kjenner til den typen gardsbruk fordi ho vaks opp på eit?

– Dei utfordringane vi har er ganske store. Det gjeld ikkje berre driftsbygningane men også det arealet vi skal slå rundt oss. Det verkar ikkje heilt som ho skjønar dei utfordringane vi har. Då tenkjer eg spesielt på areal og kor tungvint det er å drive her på Vestlandet, seier Hjellbakk.

– Det er ikkje berre å tredoble produksjonen, og tru at ein skal klare å gjere arbeidet like bra, seier han.

Landbruksminister Sylvi Listhaug har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Forutan stordriftsfjøsen skal ministeren besøke Gloppen hotell og Nordfjord Kjøtt, ein av dei største norske kjøttvareprodusentane utanfor samvirke.