Hopp til innhold

Nedbørskaos gjorde skader for fleire millionar

– At det bles og regnar på Vestlandet er inga nyhende, men denne gongen rann koppen over. Det kom litt mykje på ein gong, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

Skader på veg i Os kommune

STYRTREGN: Intense regnbyer i seks timar har gjort skade for titals millionar kroner.

Foto: Kaspars Mangulis

Dei største forsikringsselskapa har til no fått melding om nær 200 skader etter styrtregnet tysdag kveld og natt til onsdag.

Framleis er det for tidleg å seie kor mange titals millionar kroner dei enorme vassmengdene har gjort skade for.

– Skadane er først og fremst knytte til bergensområdet, fordi husa ligg tett i tett og flater er tetta med asfalt. Vatnet finn ikkje noko naturleg veg ned i bakken, og då går det utover husa, seier Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

Bergen hardast råka

Arne Voll fra Gjensidige

OVERRASKANDE: – Ein kjellar blir fort totalskadd når det først kjem vatn inn, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Foto: Gjensidige

Selskapet med ein marknadsandel på kring 20 prosent har fått kring 50 meldingar om skade.

Regnskyllet var det verste i Bergen på 13 år. Det viser også att i dei 110 skademeldingane Gjensidige Forsikring har fått. Til no har dei registrert skader for nær ti millionar kroner.

– Helvta av skadane er i Rogaland og Hordaland. Det er stort sett kjellarar og bygningar som har fått vatn i seg. Veldig få bilar har fått problem i vassmassane, seier kommunikasjonssjef Arne Voll.

30 millionar på ein månad

Tryg har også registrert ein del vindskadar på bygning og eigendelar. Blant dei nær 20 registrerte skadane dei har registrert, er ein husskade åleine estimert til kring 400.000 kroner.

Ras ved Fosnes

MYKJE RAS: To personar kom uskadde frå det då bilen dei sat i vart treft av ras på riksveg 15 ved Fosnes i Oppstryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Også dei er budde på at tala vil stige framover. Så langt i september har Tryg registrert over 500 naturskadar til ein verdi av kring 30 millionar kroner.

– Av erfaring veit vi at mange som opplever skader prioriterer å sette i verk tiltak for å redusere skadane før dei kontaktar sitt forsikringsselskap. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at ein god del skadar framleis ikkje er avdekka, spesielt gjeld det skadar på båt eller bygningar som ikkje er bebudde, seier kommunikasjonsrådgjevar Torbjørn Brandeggen.

Vatn kan bli dyrt

Skadesjef på bygning i Frende Forsikring, Yngve Amundsen Høvik, seier at dei har sendt ut takstmann eller sanering til kring 60 meldingar om skade i dag.

– Skadane er av varierande storleik, det er alt frå mindre lekkasjar gjennom tak, til overfylte kjellarar, seier Høvik.

Sigmund Clementz

DRAMATISK: – Det er dramatisk når du står der med vatn til livet og prøver å berge fotoalbum og harddiskar, seier informasjonssjef i If, Sigmund Clementz.

Foto: If

Når vatn trengjer inn i hus, blir det fort store og omfattande skader som tek tid å reparere.

– Kjellarar innreidde med bad kan fort koste mellom 300.000 og 500.000 kroner å setje i stand att. Og det tek tid. Vatn må vekk, det må tørke i vekevis, ting skal rivast og setjast opp att, seier Clementz.

Dei store nedbørsmengdene har også ført til ras og stengde vegar. Både i Samnanger og Stryn vart bilar tekne av ras. Det er ikkje meldt om personskade.