NRK Meny
Normal

Trur Lærdals-brannen kan stoppe sentralisering av naudetatane

– Erfaringane frå brannen i Lærdal vil vere avgjerande i debatten om sentraliseringa av naudetatane her i landet.

Hus i full fyr - under storbrannen i Lærdal

FUNGERTE GODT NOK? Storbrannen som tok 40 bygningar i Lærdal bør få noko å seie i debatten rundt politidistrikt og 110-sentralar, trur ordførar.

Foto: Jan Erikstad

Det trur ordførar i Lærdals-ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Kan stå overfor store endringar

I løpet av året blir lagnaden til ei rekkje av landets politidistrikt og mange av landet 110-sentralar for brannvesenet avgjort. Politianalysen vil ha færre og større politidistrikt, mens DSB, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, står fast på at dagens 110-sentralar er for lite robuste. Altså for små.

Erfaringane frå Lærdal viser at store einingar ikkje er ei god løysing, meiner ordføraren.

– Vi viste at vi ved å vere godt lokalkjende og ved kjenne kvarandre fekk vi til det unike. Ingen vart drepne eller alvorleg skadde. Så det motbeviser eigentleg alt.

– Vi kan utgjere ein forskjell

I januar øydela ein av dei mest omfattande brannane etter krigen 40 bygninga og gjorde over 70 menneske huslause på Lærdalsøyri. Mannskap frå 14 kommunar deltok i sløkkingsarbeidet. Dette sikra at ingen liv gjekk tapt, og at dei nasjonale bygningsskattane på Lærdalsøyri vart berga. Brannen kom midt i debatten om sentraliseringa og behovet for større einingar i naudetatane.

– I den debatten trur eg vi kan utgjere ein forskjell no, med å forklare at det går an både å vere robust og få til ting sjølv om ein ikkje er sentralisert og stor, seier Solheim til NRK.no.

Då statsminister Erna Solberg vitja Lærdal dagen etter storbrannen, rosa ho naudetatane og dei frivillige sin innsats.

Reiser landet rundt for å dele om erfaringane

I kjølvatnet av storbrannen har Solheim blitt ein ettertrakta foredragshaldar, og har alt besøkt ei rekkje fylkeskommunar, forsvaret og DSB. Snart skal han på Brannvernskonferansen, for å dele erfaringane frå storbrannen i Lærdal. Han håpar det han fortel skal hindre sentralisering.

– Det skal vere like trygt å bu på ein liten stad som i ein by. Viss ikkje dette har vore med på å vippe det, så har eg gjort ein dårleg jobb.

– Ein skal ikkje endre eit vinnarteam

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) trur erfaringane frå både Lærdals-brannen, brannen i Gudvangatunnelen i august i fjor, og trippeldrapet i Årdal vil spele ei viktig rolle når politikarane skal bestemme seg for organisering av politi og brannvesen.

– Fordi det viser at lokalkunnskap og lokalt engasjement er veldig viktig når ulykka først rammar. Eg meiner vi må ta utgangspunkt i robuste samfunn, ikkje robuste einingar kvar for seg. I Sogn og Fjordane har vi fått dette til å fungere. Ein skal ikkje endre eit vinnarteam, seier Heggø.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå