Hopp til innhold

Lokallagsleiaren refsa innsatsen til sine eigne

Fylkesårsmøtet til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane fekk i helga refs frå lokallaget i Luster sin nyvalde leiar.

Arne Johannessen

KRITISK: Arne Johannessen, nyvald leiar i Luster Ap, meiner Sogn og Fjordane Arbeidarparti må vere hardare i kampen mot sentraliseringa av naudetatane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, heldt ein kraftfull appell under fylkesårsmøtet i Førde.

Han refsa partifellene sine for å vere for snille i kampen for å behalde naudetatane i fylket.

– Sogn og Fjordane har hatt eit veldig tydeleg standpunkt og gode vedtak, men eg ventar endå tydelegare og klarare politisk jobbing. Og dei må vere mykje tøffare og utfordre regjeringspartia, seier Johannessen.

Vil sentralisere

Den mangeårige polititillitsmannen ser dystert på framtida om Sogn og Fjordane blir ståande utan både eigen politi og brannvarsling. Begge sentralane er i dag lokalisert i Florø.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) ynskjer å slå saman dagens 19 naudalarmsregionar til 12. Samstundes føreslår Politianalysen å slå Sogn og Fjordane politidistrikt saman med Rogaland og Hordaland.

– Korleis ein utfordrar Høgre og Frp i Sogn og Fjordane? Korleis kan dei leve med å stå oppreist politisk om dei går for ei storstila sentralisering av politiet? Dei må utfordrast. Det må også Venstre og KrF. Her ventar eg eit aggressivt Sogn og Fjordane Arbeidarparti, som utfordrar dei andre, sa Johannessen frå talarstolen.

Må slost samla

Ingrid Heggø og Nils P. Støyva

VEDGÅR: Ingrid Heggø, her saman med avtroppande fylkesleiar Nils P. Støyva, vedgår at partiet har litt å gå på i kampen om naudetatane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø var mellom dei mange som høyrde oppmodinga frå Johannessen om å ta opp kampen mot sentraliseringa.

Ho vil ikkje seie at dei har vore for snille, men vedgår at dei «har noko å gå på».

– Eg meiner ein må ta stortingsbenken i bruk. Vi må vere heilt samla i dette synet og gå ut og slost for dette, for alle sa det jo i valkampen, seier Heggø.

– Går de i takt?

– Eg må vere så ærleg å seie, at det veit eg ikkje. Vi var samde i valkampen, så vi bør klare å dra dette toget saman og gå i takt.