Hopp til innhold

Held fast på nedlegging av sentral

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane skal leggjast ned og ingen nye analyser vil endre på det synet. Det seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Anne Rygh Pedersen, DSB

INGA ENDRING: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) held fast ved at nedlegging av 110-sentralar er best. Det sjølv om analysane Justisdepartmentet har kravd enno ikkje er gjennomført.

Foto: Anita Andersen / DSB

DSB meiner nedlegging av nesten halvparten av dagens 110-sentralar er det som må til for å sikre store og robuste fagmiljø som står betre rusta når det skjer store hendingar. Blant sentralane som er vedteke nedlagt er 110-sentralen i Florø, der DSB vil samlokalisere denne med sentralen i Hordaland.

Men i byrjinga av april sette Justisdepartementet foten ned og sa at dei ville ha meir informasjon og ei konsekvensanalyse av desse nedleggingane.

Det vil DSB no gje dei, men like fullt held avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen fast på vedtaket om nedlegging av sentralen i Sogn og Fjordane. Dette er kommunar og brannsjefar orientert om i eit brev.

– Standpunktet rundt Sogn og Fjordane blir for så vidt ikkje endra, fordi det vedtaket er endeleg fatta og ligg i departementet, seier Rygh Pedersen til NRK.no.

– Så er det også ei klagesak knytt til Sogn og Fjordane, og den blir ikkje avgjort før klagesaka for Telemark er ferdig handsama.

Samfunnsøkonomisk analyse

Både i Sogn og Fjordane og fleire andre stader i landet har protestane mot kutta vore massive. Det har kome ei rekkje klager og dette førte altså til at Justisdepartementet greip inn og sa at dei ville vite meir.

Det er klagen frå 110-sentralen i Telemark som gjer at departementet krev «ytterlegare informasjon og analyser knytt til robustheit og økonomiske konsekvensar av reindyrka fagsentralar. (...) Analysen bør blant anna gi oversikt over dagens bemanning og oppgåveportefølje ved den enkelte 110-sentral og dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av forslaget om færre og større 110-sentralar».

DSB vil no få ein ekstern aktør til å gjere ei samfunnsøkonomisk analyse. Rygh Pedersen seier til NRK at dei reknar med at denne vil vere ferdig ut på hausten.

- Det handlar om dei tilleggstenestene som i dag blir gjort på nokre av 110-sentralane som ikkje er reine fagsentralar, kva det bil koste å få dei utført av andre. Kva ein mister av innteker ved at inntektsgivande alarmar til dømes ikkje kan knyttast til 110-sentralar i framtida, seier Rygh Pedersen.

– Det er viktig at det blir eit grundig og god rapport. Når vi får den tilbake vil vi samla vidare den samfunnsøkonomiske analysen og det som handlar om robustheit knytt til rein fagsentral eller sentralar med tilleggstenester, med ei vurdering frå vår side, seier Rygh Pedersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

UNDER BERGEN: DSB vil leggje ned alarmsentralen i Sogn og Fjordane og leggje den inn under sentralen i Hordaland.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Endrar ikkje standpunkt

Men sjølv om dei no altså vil få gjort ei samfunnsøkonomisk analyse av nedleggingane, endrar ikkje det på DSB si meining om at denne omorganiseringa vil føre til meir robuste sentralar.

– Vi har tunge faglege argument for å gjere naudmeldingssentralane meir robuste, ved å syte for at dei har fleire hendingar å handtere, betre kompetanse, styrka bemanning og betre tekniske løysingar for å setje over til nabosentralen, seier Rygh Pedersen.

– Dei faglege vurderingane blir ikkje endra ved ein samfunnsøkonomisk analyse, seier ho.

At direktoratet no må hente inn meir informasjon gjer samtidig til at dei får betre tid på seg i høve delane av omorganiseringa som ikkje er avgjort enno.

– Vi har noko betre tid no knytt til resten av landet der vi ikkje har fatta endeleg vedtak. Der har vi høve til både møter, dialog og å diskutere med samarbeidspartnarar den vidare prosessen, seier Rygh Pedersen til NRK.no.