Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann.
Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og set vår samtid og kultur under lupa.
Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?– Cappelen Damm
Bruk dikta i klasserommet
I desse undervisningsopplegga får elevane høyre forfattaren Brynjulf Jung Tjønn lese utvalde dikt frå kvit, norsk mann. Det er laga undervisningsopplegg til kvart av dikta.
Undervisningsopplegga tek utgangspunkt i faga norsk og samfunnsfag, og er tilpassa elevar på ungdomstrinnet og på vidaregåande skule.
Lukke til!
kva vil du bli
eg kom til norge
eg skyt ikkje ungdommar
hyundai, samsung, Ig, kia og adoptivbarn
tenk om eg berre
eg og farfar
Lær om forfattaren
Kor mykje ein veit om forfattaren frå før, kan vere med på å avgjere kva for meining ein finn i diktet. Nokre gonger tolkar du på ei heilt anna måte om du veit alt om forfattaren, enn om du ikkje veit noko.
Under finn du videoklipp med informasjon om bakgrunnen og tankane til Brynjulf Jung Tjønn. Han fortel kvifor han skriv, korleis desse dikta vart til, og om sine møter med rasisme. Du kjenner elevane dine best, og bestemmer sjølv korleis du vil introdusere dikta og forfattaren til dei!
Brynjulf Jung Tjønn fortel kort om bakgrunnen sin.
Brynjulf fortel om korleis det å vere adoptert har påverka skrivinga hans, og at han bruker skriving for å motverke stress og dårleg humør.
Brynjulf fortel korleis dikta i Kvit norsk mann var til - og kva som er det særeigne med dikt som sjanger.
Brynjulf fortel om hendingane som gjorde at han skreiv diktsamlinga Kvit norsk mann.