For å forklare kvifor ein tolkar som ein gjer, peiker ein på verkemidla ein finn i diktet. Korleis verkemidla fungerar saman, utgjer grunnlaget for tolkinga di.
Typiske verkemiddel ein ser på når ein skal tolke og analysere dikt kan vere:
Metaforar
Ein metafor er ei type samanlikning, der ein bruker eitt konsept for å uttrykke noko anna. Når ein brukar metaforar seier ein ofte at ein snakkar i overført eller biletleg betydning. Ein metafor skal altså ikkje lesast bokstaveleg.
Eksempel: hjartet sto i brann.
Kontrastar
Ein kontrast er det same som ein motsetning. Dette brukast for å understreke forskjellar og likskapar, skape konnotasjonar og å framheve.
Eksempel: Varmt/kaldt
Gjentakingar
I lyrikk bruker ein ofte gjentakingar for å skape rytme og estetikk, men det er også eit verkemiddel ein bruker for å få fram eit poeng.
Eksempel:
Han er snill.
Han er flott.
Han er morosam.
Han er borte.
Konnotasjonar
Ein konnotasjon er ei ekstra betydning det er vanleg å legge til eit ord eller ein ting. Ein assosiasjon er ein personleg betydning du legg til noko, mens ein konnotasjon vil ein kunne anta at gjeld for dei fleste i befolkninga.
Eksempel: Svarte katter gir konnotasjonar til ulykke.
Besjeling:
Vi kallar det besjeling når ein gir menneskelege eigenskapar og evner til dyr og ting.
Eksempel: Brevet tok livet av han.
Rytme, rim og allitterasjon
I eit dikt kan ei som regel høyre ein rytme. Rytmen blir påvirka av rim, gjentakingar, lengden på verselinjene og antal stavingar.
Ord som har lik klang og høyrast like ut kallar vi rim. Dersom orda startar på same bokstav eller lyd kallar vi det allitterasjon, eller bokstavrim. Ein kan også kalle det bokstavrim dersom alle orda til dømes startar på ein vokal.
Eksempel rim: kaker – smaker
Eksempel allitterasjon: Med grådige griser går det grueleg gale
Struktur og form
Eit av kjenneteikna på dikt er at det har ei form du kan kjenne igjen, med verselinjer og strofer. Ei verselinje er det ein ville kalla ei linje, eller setning, i andre typar litteratur. Ei strofe er det same som det ein i musikk ville kalla eit vers.
Korleis verselinjene og strofene er sat saman vil påverke korleis ein oppfattar diktet. Dette vil også påvirke rytmen i diktet.