Hopp til innhold

Undervisnings­opplegg: hyundai, samsung, lg, kia og adoptivbarn

Brynjulf Jung Tjønn har skrive fleire dikt om å vere adoptert. Gå på jakt etter verkemiddel og tolkingsrom i diktet.

Forfatter Brynjulf Jung Tjønn

I diktet hyundai, samsung, lg, kia og adoptivbarn ramsar forfattaren opp ting som er made in korea. Gå på jakt i diktet – finst det noko mellom linene?

Høyr forfattaren lese diktet

Brynjulf Jung Tjønn leser dikt fra "Kvit, norsk mann".

Etter første gjennomlesing

Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:

  • Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
  • Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?

Nærles diktet

1. Diktet startar med ein opplisting av ting som er made in korea. Kva kan du lese ut frå første vers?

2. Kva for verkemiddel finn du i diktet?

3. Kva for konnotasjonar ligg i desse omgrepa?

  • Fødelandet
  • Merkenamn
  • Produktinformasjon
  • Flypost
  • Bruksanvisning

4. Skriv ein tekst der du tolkar diktet, med utgangspunkt i verkemidla du fann.
Finn du ein tematikk? Kva for følelsar og refleksjonar sit du igjen med etter å ha nærlese diktet, og kvifor?