Hopp til innhold

Undervisnings­opplegg – eg og farfar

Tematikken i dette diktet er namn, og kva for meining som kan ligge i namn. Kva kan ein eigentleg lese ut frå eit namn?

Forfatter Brynjulf Jung Tjønn

I diktet «eg og farfar» er motivet eit barnebarn og ein farfar med nesten like namn. La elevane dine tolke diktet, og reflektere over kva eit namn kan bety.

Høyr forfattaren lese diktet

Brynjulf Jung Tjønn leser dikt fra "Kvit, norsk mann".

Etter første gjennomlesing

Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:

  • Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
  • Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?

Nærles diktet

  1. Kva for verke­middel finn du i diktet?
  2. Skriv ei tolking av diktet med overskrifta «Kva er eit namn?». Skriv ein saman­hengande tekst der du reflekterer over kva meining som kan ligge i namn, og knyter dette til verkemidla du fann i diktet.

    Her er nokre spørsmål som kan hjelpe deg på veg:
    • Kva kan ein lese ut frå eit namn?
    • Kva for symbolikk og konnotasjonar kan knytast til namn?
    • Kva for følelsar er knytte til namn i dette diktet?