Hopp til innhold

Undervisnings­opplegg: tenk om eg berre

I dette diktet proble­matiserer forfattaren tema forventing, plikt, identitet, og til­høyrsle.

Forfatter Brynjulf Jung Tjønn

I diktet «tenk om eg berre» utforskar eg-personen ideen om korleis livet kunne vore dersom han innfridde forventningane knytte til å overta garden han vaks opp på.

Høyr forfattaren lese diktet

Brynjulf Jung Tjønn leder dikt fra "Kvit, norsk mann".

Etter første gjennom­lesing

Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:

  • Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
  • Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?

Kva med deg?

Lag eit tankekart der du reflekterer over dine eigne erfaringar og følelsar knytte til forventningar frå:

  • Familien
  • Vener
  • Samfunnet

Andre ting å tenke på:

  • Er det noko du føler deg pressa til å oppnå?
  • Kven pressar deg, og kvifor?
  • Korleis verker dette inn på val du tek i livet, og din identitet?

Skriv ditt eige dikt

Ta utgangspunkt i tankekartet og skriv din eigen versjon av diktet «tenk om eg berre».

Gjennom ditt eige dikt skal du utforske tankar, følelsar og opplevingar knytte til kven du er, og korleis du ser deg sjølv, og korleis dette lever opp til samfunnets forventningar.

Husk at denne skriveoppgåva er ei kreativ utforsking av dine eigne tankar og følelsar. Det er ingen fasit. Ver open for å eksperimentere og la din personlege stemme kome til uttrykk gjennom diktet ditt.

Del diktet

Del diktet ditt.

Alternativ 1: Elevane deler diktet sitt munnleg i klassa.

Alternativ 2: Elevane leverer inn diktet skriftleg.

Alternativ 3: Elevane lager video av seg sjølv lese diktet.

Diskuter korleis dikta skil seg frå kvarandre, og på kva måte dei liknar kvarandre. Kva for tema og følelsar kjem fram i dei ulike dikta?