Hopp til innhold

Kvit, norsk mann: Undervisningsopplegg 7. trinn

Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn har skapt merksemd. Diktsamlinga tek utgangspunkt i forfattaren sine eigne erfaringar, og tema som gjentek seg er norsk oppvekst og rasisme. Nedanfor finn du seks utvalde dikt frå samlinga, og undervisningsopplegg til kvar av dei.

Brynjulf Jung Tjønn

Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Noreg som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var ein kvit, norsk mann.

Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.

Cappelen Damm

Kvit, norsk mann byggjer på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også samband til andre, liknande forteljingar – og set samtida og kulturen vår under lupa.

Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?– Cappelen Damm

Bruk dikta i klasserommet

I desse undervisningsopplegga får elevane høgre forfattaren Brynjulf Jung Tjønn lese utvalde dikt frå Kvit, norsk mann.

1. Lær om forfattaren

  1. Fortel elevane om forfattaren med utgangspunkt i teksten over.
  2. Lytt til intervjuet: «kort om forfattaren».
  3. Snakk saman:
  • Kva er mangfald?

Refleksjonsspørsmål:

  • Kvifor trur du det er bra at det er ulike menneske i Noreg?
  • Korleis trur du det er å vere annleis enn dei fleste andre rundt deg?

Lytt til diktet «kva vil du bli»

Brynjulf Jung Tjønn leser fra "Kvit, norsk mann".

Brynjulf Jung Tjønn les frå «Kvit, norsk mann».

Refleksjonsspørsmål:

  • Korleis trur du eg-personen i diktet kjenner seg?
  • Kva trur du det betyr når eg-personen seier «eg vil bli ein kvit norsk mann»?
  • Kvifor trur du eg-personen ønsker å bli som dei andre i bygda?
  • Korleis kan vi vere snille og støttande mot nokon som kjenner seg annleis eller ikkje passar inn?

Lytt til diktet «eg og farfar»

I diktet «eg og farfar» er motivet eit barnebarn og ein farfar med nesten like namn. La elevane dine tolke diktet, og reflektere over kva for meining som kan ligge i eit namn.

Brynjulf Jung Tjønn leser dikt fra "Kvit, norsk mann".

Brynjulf Jung Tjønn les dikt frå «Kvit, norsk mann».

Refleksjonsspørsmål:

  • Kva trur du diktet handlar om?
  • Kva er eigentleg eit namn?
  • Korleis trur du namn kan påverke korleis vi kjenner oss?
  • Kva betyr namnet ditt for deg?

Høyr forfattaren snakke om kvifor han må skrive

Brynjulf Jung Tjønn snakker om hvorfor han skriver

Brynjulf Jung Tjønn snakkar om kvifor han skriv

Refleksjonsspørsmål:

  • Kva blei sagt i filmen?
  • Kvifor er det viktig for Brynjulf å skrive?
  • Kvifor trur du Brynjulf er forfattar, når han sjølv seier at skriving er noko av det vanskelegaste han veit om?

Høyr forfattaren snakke om kvifor han skreiv boka

Brynjulf Jung Tjønn snakker om hvorfor han skrev diktsamlingen "Kvit, norsk mann".

Brynjulf Jung Tjønn snakkar om kvifor han skreiv diktsamlinga «Kvit, norsk mann».

Refleksjonsspørsmål:

  • Kva blei sagt?
  • Kvifor trur du Brynjulf skreiv denne boka?
  • Brynjulf fortel at han som ung aldri las bøker eller intervju der adopterte fortel at dei har opplevd rasisme. Kvifor trur du det er viktig å lære om andre sine opplevingar?
  • Kvifor trur du det er viktig å høyre og lese om andre sine erfaringar med rasisme, sjølv om det kan vere vanskeleg eller trist?

Dikt som sjanger

Snakk saman:

  • Kva trur du eit dikt er?
  • Kva er forskjellen mellom ei forteljing og eit dikt?
  • Trur du dikt kan handle om kva som helst, eller må det vere bestemte emne?
  • Må dikt vere triste og seriøse? Eller kan dei vere morosame?
  • Kvifor trur du folk liker å lese dikt?
  • Kvifor trur du folk liker å skrive dikt?

Høyr forfattaren snakke om dikt

Brynjulf Jung Tjønn snakker om hvordan "Kvit, norsk mann" ble til en diktsamling.

Brynjulf Jung Tjønn snakkar om korleis «Kvit, norsk mann» blei til ei diktsamling.

Refleksjonsspørsmål:

  • Kva blei sagt?
  • Kvifor trur du Brynjulf var usikker på om det var dikt?
  • Kva synest Brynjulf er bra med dikt?

Skriv ditt eige dikt

Trykk her for å høgre fleire dikt av Brynjulf Jung Tjønn.

Lykke til!