Hopp til innhold

Undervisnings­opplegg – kva vil du bli

Dette diktet opnar diktsamlinga «kvit, norsk mann», og nettopp desse orda finn vi også igjen i diktet. Kva betyr dei?

Forfatter Brynjulf Jung Tjønn

Kva for meining kan ein eigentleg finne i dette korte diktet? La elevane dine gå på jakt i diktet!

Høyr forfattaren lese diktet

Brynjulf Jung Tjønn leser fra "Kvit, norsk mann".

Brynjulf Jung Tjønn leser fra "Kvit, norsk mann".

Etter første gjennomlesing

Tenkeskriv i fem minutt om desse spørsmåla:

  • Kva for følelsar og refleksjonar vekker diktet?
  • Kva er det som vekker desse følelsane og refleksjonane?

Nærles diktet

  1. Korleis påverkar linjedelinga i diktet korleis du oppfattar det?
  2. Kva for konnotasjonar og symbolikk finst i desse orda:
    • Kvit
    • Norsk
    • Mann
  3. Dette diktet er første dikt i boka «Kvit, norsk mann». Kvifor trur du dette uttrykket er tittelen på boka?
  4. Kva for andre verkemiddel finn du i diktet?
  5. Ta utgangspunkt i verkemidla du har funne, og skriv ei tolking av diktet med overskrifta «kva vil du bli?».
    • Introduser forfattaren og bakgrunnen hans.
      Bli betre kjent med forfattaren her.
    • I hovuddelen visar du til verkemidla som er brukt i diktet. Kva gjer dei med korleis du oppfattar meininga i diktet?
    • Avslutt med ein oppsummering av din tolking av diktet. Har du funne eit bodskap?