Jørgen Nilsen er ansatt som ny klinikksjef ved Hammerfest sykehus. Den 49 år gamle intensivsykepleieren har jobbet som klinikksjef ved Prehospitale tjenester i Finnmarkssykehuset siden 2013. Han tiltrer sin nye stilling i løpet av januar 2022.
Fem personar vart tekne på fersk gjerning i å ha køyrd ulovleg på snøskuter i eit villreinområde på Vikafjellet. Det melder Statens naturoppsyn, SNO, som natt til torsdag var ute på kontroll. Dei fem blir politimelde, skriv SNO i ei pressemelding. Så langt i vinter har SNO politimeld 87 personar for ulovleg køyring, dermed bikkar talet no 92 politimeldingar.
– Ulovleg snøskuterkøyring i villreinområde er svært uheldig på denne tida av året, seier Ole Morten Sand, seksjonsleiar i Statens naturoppsyn (SNO). Han viser til at det er rett før villreinkalvinga, og dermed ekstra alvorleg med ulovleg motorferdsel.