Linda Gundersen og kollegaer
Foto: Privat

Kvar gong ein pasient blir tatt av respirator, dansar dei på sjukehuset

Linda Gundersen (58) og kollegaene hennar er omgitt av død. Heldigvis har dei funne måtar for å halda moralen oppe.

Kjølekonteinarane utanfor sjukehusa i New York er provisoriske likhus.

Her hopar døde kroppar seg opp.

Det er med skrekk og gru fysioterapeut Linda Gundersen fortel om då ho blei spurt om å koma ned til «likhus-området» utanfor sjukehuset der ho jobbar.

Ho skulle demonstrera korleis ein bruker sjukehuset sine mekaniske løftemaskinar. Vanlegvis blir dei brukte til å hjelpa svake pasientar ut av sengene, men nå skulle dei få ein ny funksjon.

– Eg viste korleis dei kunne bruka maskinen til å løfta døde kroppar opp på dei øvste hyllene inne i konteinaren.

– Kva gjer noko slik med deg?

– Du veit ... Det er berre sjokkerande. Det får deg til å tenka annleis på livet. Kven kan seia at det ikkje blir meg som snart skal plasserast på den hylla? Eller familiemedlemmane mine?

Linda Gundersen

Linda Gundersen jobbar på det største sjukehuset i New York. Bilda dei har rundt halsen er eit av dei siste tiltaka som skal bidra til at pasientane føler at dei blir behandla av menneske, og at kollegaene skal kunne kjenna kvarandre igjen.

Foto: Privat

Død og isolasjon

Dette er den nye kvardagen til Linda.

Hadde alt vore normalt skulle ho ha gjort heilt andre ting.

Som for eksempel å gå frå stand-up-show til stand-up-show, saman med søskenbarnet sitt, den norske komikaren Hans Morten Hansen.

Slik dei gjer kvart år på denne tida.

Neste veke skulle ho ha sitte på eit fly på veg til Noreg, for å besøka sin 85-år gamle far på Tysnes på Vestlandet.

Slik ho gjer to gonger i året.

Men i staden jobbar ho nå på spreng på eit av dei største sjukehusa i heile USA, New York Presbyterian Hospital (NYP), i byen som har aller flest koronadødsfall.

Linda Gundersen og Hans Morten Hansen

Kvar påske reiser komikar Hans Morten Hansen, kjent frå Side om side i NRK, til New York for å besøka kusina Linda Gundersen. Årets tur måtte avlysast.

Foto: Privat

Får ikkje sova

Linda Gundersen har jobba på sjukehuset i 32 år. Ho er fødd og oppvaksen i New York. Men sidan begge foreldra er frå Tysnes i Noreg, så forstår ho godt norsk.

Når NRK snakkar med henne sit ho i huset sitt på Long Island, cirka ein time køyring frå sjukehuset på Manhattan.

Fuglekvitringa frå den fine vårdagen på utsida kan høyrast gjennom internettlinja, og står i sterk kontrast med dei mørke historiene ho fortel.

Innbyggjarar i byen hennar har døydd i hopetal.

Pasientar ho har hatt ansvar for har døydd. Helsearbeidarar, som jobba på same sjukehus som henne, har døydd.

Ho har ingen sosial omgang. Ikkje ein gong med broren og barnet hans som bur ti minutt unna.

Og ho aner ikkje når det vil enda.

At det er tøft, legg ho ikkje skjul på.

– Eg får ikkje sova om nettene. Eg snur og vrir meg mens eg tenker på Covid og kva morgondagen vil bringa.

The outbreak of the coronavirus disease (COVID-19) in Brooklyn, New York City

Dette er nokon av kjølekonteinarane som har fungert som likhus i New York, men det er ikkje dei same som blei brukt utanfor NYP.

Foto: Brendan Mcdermid / Reuters

Har også unge pasientar

New York er ein av byane i verda som har blitt hardast ramma av koronapandemien.

Når denne artikkelen blir skriven har meir enn 26.000 mista livet på grunn av Covid-19 i delstaten New York, ifølgje New York Times sin oversikt. Saman med nabostaten New Jersey utgjer dette nesten halvparten av alle Covid-19-dødsfall i heile USA. Og USA er landet i verda med aller flest koronadødsfall.

Det er så mange døde i New York at det har blitt laga massegraver.

Kister med døde korona-pasienter skal i jorden på Hart Island.

På den vesle øya Hart Island i New York har det blitt laga massegraver for døde koronapasientar, som ikkje har slekt eller familie som kan ta hand om gravferd.

Foto: John Minchillo / AP

Det er både unge og eldre som døyr. Men ifølgje New York City sine offisielle statistikksider er det flest døde i gruppa 75 år og eldre.

– Eg får også inn unge pasientar, som ikkje har historikk med alvorlege sjukdommar, åtvarar Linda.

Sjølv om sjukehuset der ho jobbar har 20.000 tilsette og rundt 2600 sengeplassar, har kapasiteten vore sprengt, og dei har utvida med to stadion-anlegg som har blitt gjort om til feltsjukehus.

– Eg hugsar ennå då me fekk vår første pasient med koronavirus, i starten av mars eller slutten av februar. Me var nervøse, men trudde kanskje likevel at me berre kom til å få nokre få pasientar. Så utvikla det seg litt etter litt til å bli eit heilt sjukehus fullt av Covid-19-pasientar.

Nå, to månadar seinare, fortel ho at nesten all anna drift på sjukehuset har stoppa opp, og at militæret også har oppretta avdelingar inne på sjukehuset, for å auka kapasiteten.

Columbia University's Baker Field Athletic Complex Transforms Into A Field Hospital

Eitt av feltsjukehusa til NYP på Columbia University sin stadion, her har dei kapasitet til 200 Covid-19-pasientar. Bilde er frå 11. april då det stod klart.

Foto: Misha Friedman / AFP

Oppgåva til Linda er å leia eit lag på 25 fysioterapeutar, som jobbar med å trena opp Covid-19-pasientar som er i ferd med å bli betre.

– Akkurat nå har me om lag 200 pasientar på respirator, seier ho.

Ifølgje ein studie som er gjort på sjukehus i New York, har omtrent 25 prosent av pasientane som har hamna på respirator døydd.

Det er dei som overlever, i tillegg til dei som aldri må på respirator, Linda får ansvar for.

Mange er svært reduserte etter å ha vore gjennom den heftige sjukdommen, forklarar ho.

– Me gir dei ulike typar behandling, som til dømes å trena dei opp til å kunna gå igjen.

Det finst også pasientar som treng dialyse, eller andre former for medisinsk hjelp.

– Eg har ansvar for ein 34 år gamal mann nå. Etter seks veker på sjukehus, der fire veker har vore på respirator, ser det endeleg ut til at han nå blir betre. Han har nyleg reist seg, og tatt dei første stega. Sjølv om han er forvirra, så er han snart frisk nok til å få møta familien sin igjen.

Etter å ha vore på avdelinga til Linda blir pasientane skrivne ut, eller overførte til institusjonar for restitusjon.

Nokon får likevel tilbakefall og døyr.

Men dei fleste er såpass friske når dei kjem til henne, at dei overlever.

Kunne ikkje fortelja at kona var død

Likevel, det er få solskinshistorier.

– Eg hadde ein mann under behandling, som hadde blitt lagt inn samtidig som kona.

Kona døydde, men mannen overlevde.

Sidan dei hadde vore på separate rom, visste han ikkje at kona var død, og barna hans ville ikkje at Linda skulle fortelja det til han heller.

– Dei trudde det ville ha tatt livet av han å få den beskjeden. Derfor måtte eg behandla han, samstundes som eg visste at kona ikkje hadde overlevd. Det var ufatteleg fælt.

Og det er dette som gjer mest inntrykk på henne.

At folk døyr utan at nokon er der til å ta farvel. Og at folk mistar sine nærmaste utan at dei kan ta farvel.

– Det er veldig tøft for alle. Pasientane som overlever er jo heilt åleine under det som kan vera veldig lange sjukehusinnleggingar.

Mange av pasientane og dei tilsette på sjukehuset har også sjølve opplevd å mista sine nærmaste.

– Ei kvinne eg hadde ansvar for hadde tatt vare på mora si heilt frå ho blei sjuk til ho døydde av Covid-19 i heimen der dei to budde.

Ikkje lenge etter utvikla dottera sjukdommen, og måtte leggast inn på sjukehuset.

– Heldigvis blei ho frisk, og nå har me skrive henne ut. Men ho er heilt åleine.

Major Cities In The U.S. Adjust To Restrictive Coronavirus Measures - May 4, 2020

Militæret har også blitt kalla ut i New York. Dei bidrar mellom anna med hjelp til sjukehusa.

Foto: Spencer Platt / AFP

Tok sitt eige liv

For helsearbeidarane i New York har slike historier nærmast blitt vanlege.

Og dei må også leva med frykt for eige liv.

Ifølgje New York Times har minst 145 helsearbeidarar døydd av Covid-19 i byen, fleire av desse har jobba på NYP.

Det gjer noko med dei, meiner Linda.

– Sjølv om eg ikkje kjenner dei som har døydd, er det veldig oppskakande. Me tenker at me kan vera dei neste.

For Dr. Lorna M. Breen, som også jobba på NYP, blei det for mykje å bera.

I slutten av april skreiv New York Times at ho hadde tatt livet sitt, etter alt det fæle ho hadde opplevd den siste tida.

Faren hennar var intervjua i artikkelen, han uttalte følgjande: «She tried to do her job, and it killed her».

– Eg kjende henne ikkje, sidan ho jobba på eit anna bygg enn meg, men det var sjokkerande for oss å få denne nyheita. Særleg sidan ho nyleg sjølv hadde blitt frisk frå Covid-19.

Linda fortel at dei får tilbod om hjelp frå sjukehuset til å handtera depresjon, frykt og angst, men at mange akkurat nå er i eit modus der dei berre er fokuserte på å hjelpa pasientane.

Nå står me midt i det, og det gjer kanskje at me ikkje kjenner så mykje på kor fælt alt er, men det vil nok bli verre når det roar seg.

– Eg veit ikkje kva dette vil gjera med oss på sikt, men det einaste eg er sikker på er at me vil bli endra for alltid, seier ho.

Motivasjon og håp

Sjølv om det er mykje mørke, prøver ho å finna positive ting å fokusera på. Noko som gir håp akkurat nå er pasienttala på sjukehuset.

– Akkurat nå skriv me ut fleire pasientar, enn det som kjem inn. Det er ein bra ting, seier ho.

På sjukehuset prøver dei også å vera kreative, og gjera små ting som kan gi ein lysare kvardag for dei som jobbar der, og for pasientane.

– Kvar gong ein pasient blir tatt av respirator, eller skriven ut, så blir ein song spelt over sjukehuset sitt interne høgtalaranlegg. Det vekslar mellom «Don't Stop Believin'» av Journey, «Start Me Up» av The Rolling Stones og «I Gotta Feeling» av The Black Eyed Peas.

Linda meiner at dette er tiltak som ikkje må undervurderast.

– Det hjelpar verkeleg med å løfta stemninga. Mange av oss dansar ein liten gledesdans når musikken kjem, fortel ho.

Ein annan liten ting, som betyr mykje, er dei svære ID-korta dei nå har rundt halsen.

Det er ikkje eit vanleg ID-kort, men eit svært profilbilde.

Då kan alle sjå fjeset på mennesket bak visiret, brillene, hetta og maska.

– Før me fekk desse klarte me ikkje skilja kollegaene våre frå kvarandre.

Heltar i krisetid

Dei passar også på å gjera hyggelege ting for kvarandre.

– På bursdagen min fekk eg ein pappfigur av guvernør Andrew Cuomo i full storleik. Han er ein ekte helt for oss i desse tidene, seier ho.

Linda Gundersen og medarbeidarane

Linda Gundersen og kollegaene hennar er svært glade for at guvernør Andrew Cuomo ikkje har letta på dei strenge smitteverntiltaka.

Foto: Privat

Cuomo har blitt kjent for å setja inn strenge smitteverntiltak i byen, og han har tatt til motmæle når president Donald Trump har talt for å opna samfunnet meir opp.

Linda seier at Cuomo verkeleg har talt saka til helsearbeidarane, kjempa for dei og sett alvoret i situasjonen.

Og medan Linda og kollegaene hennar ser på guvernøren som ein helt, blir dei sjølve også løfta fram som heltar.

På fortauet utanfor sjukehuset skriv vanlege folk beskjedar til dei med krit, folk skriv på plakatar, nokon sender kort, bedrifter og privatpersonar donerer mat, og på nettet kjem det regelmessig helsingar frå kjendisar.

Slik som denne frå Robert De Niro.

Laster Twitter-innhold

Betyr desse helsingane noko for moralen dykkar?

– Ja, det er heilt ekstremt viktig. Eg trur det er ein av tinga som gjer at me klarer å jobba i dette miljøet. Me føler at jobben me gjer blir sett pris på.

Heime i Noreg er også familien hennar mektig imponert over jobben ho gjer. Søskenbarnet Hans Morten Hansen står henne veldig nært.

– Linda er eit forbilde for oss alle. Ho er ein skikkeleg fighter, og samstundes full av omtanke for alle andre enn seg sjølv, seier Hansen.

– Det ho gjer er vanskeleg for oss andre å fatte, men eg gler meg til situasjonen blir normal igjen, og me kan møtast igjen og få høyra om det ho har stått i, seier han.

Coronavirus Pandemic Causes Climate Of Anxiety And Changing Routines In America

Arbeidarane på NYP har fått heltestatus etter koronapandemien.

Foto: Bruce Bennett / AFP

Trur berre det finst eitt håp

Linda håper at talet på innlagde held fram med å gå ned, og at ho snart kan reisa og besøka slekta si i Noreg.

Likevel er ho glad at New York ikkje har løyst opp på dei strenge smitteverntiltaka.

– Folk er sjølvsagt utolmodige og leie. Når vêret også blir fint har folk lyst å gjera det dei vanlegvis gjer. Eg kjenner også på det. Samstundes så har så mange sett kor alvorlege konsekvensar dette kan få, at dei fleste derfor respekterer tiltaka, seier ho.

Å sjå framover er vanskeleg. For ingen veit korleis det blir.

– Me er redde for kva som vil skje når ein sluttar med strenge smitteverntiltak. Om me vil få ei ny bølge med pasientar. Me vil uansett vera meir på vakt, og kvar gong nokon hostar vil me kjenna frykt.

Hennar største håp, og det som ho trur er einaste utveg, er at det skal koma ein vaksine som fungerer.

– Me skal bli testa for antistoff nå, og eg vil bli sjokka om eg ikkje har det, så mykje eg har blitt eksponert. Me veit likevel ikkje om det betyr at me er immune. Det me alle håper på er ein velfungerande vaksine.

Fram til det må ho halda fram med å leva dag for dag i den surrealistiske bobla som New York har blitt i løpet av dei siste månadane.