Superbonden 2016
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Desse skal kjempa om å bli «Superbonden»

Røynde bønder frå heile landet skal i haust konkurrera i alt frå traktorkøyring til salatdyrking i det nye tv-programmet «Superbonden». Her kan du møta deltakarane.

NRK sin nye konkurranse-reality «Superbonden» er i gang. Gjennom åtte episodar skal me følgja ti bønder frå heile landet i kampen om å bli den beste og mest allsidige bonden.

Gjennom fleire konkurransar må dei visa at dei meistrar alt frå å manøvrera tunge maskinar, til å visa ferdigheiter i å handsama dyr. Deltakarane har vidt forskjellige bakgrunn, men har alle ein ting felles: Dei brenn for bondeyrket og dei er stolte over å vera med på å skaffa mat til bordet vårt kvar einaste dag.

Heidi Marie Vestrheim

Heidi Marie Vestrheim frå Øystese i Hordaland er programleiar i «Superbonden».

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Her er deltakarane:

Ragnvald Vaage (48)

Portrett av Ragnvald.

Ragnvald har to og eit halvt mål drivhus med agurk.

Som agurkbonde lever eg av sol og fotosyntese.

  • Frå: Sunde i Hordaland
  • Type gard: Gartneri
  • Tidlegare erfaring: Avløysar for mjølkebonde og dreiv tidlegare med storfe
  • Hobbyar: Motorsykkel, Fotball, skog, ølbrygging og musikk

Magnus Grøtan Heggstad (33)

Portrett av Magnus frå Superbonden.

Magnus har landbruksutdanning og bachelor i husdyrfag.

Eg kjem aldri til å kutta ut kua for å driva med noko anna. Det er ku eg kan.

  • Frå: Oppdal i Sør-Trøndelag
  • Yrke: Bonde
  • Type gard: Mjølkekyr og sau
  • Tidlegare erfaring: Ku, sau og litt gris
  • Hobbyar: Jakt og fiske, snikring og oppussing

Erik Kalstad (47)

Portrett av Erik.

Erik er veldig samfunnsengasjert, og aktiv innan bioenergibransjen.

Når eg er med så er det for å vinna. Eg skal vinna. Slik er det berre.

  • Frå: Meldal i Sør-Trøndelag
  • Yrke: Bonde, deltidsbrannmann og dagleg leiar i Bygdeservice
  • Type gard: Storfe og korn
  • Tidlegare erfaring: Alt innan dyr og traktor
  • Hobbyar: Skiskyting, fotball og traktor

Arne Martin Gomnæs (26)

Arne Martin Gomnæs

Arne Martin har tidlegare konkurrert i TRT (traktor, reiskap, tryggleik) og eksteriørbedømming av kyr. (For videoportrett – sjå under Eline)

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Eg var 12 eller 13 år då eg fann ut at eg ville bli bonde. Det å sitja i traktoren og styra dagen sin sjølv er ein livsstil eg kan trivast med.

  • Frå: Skiptvet i Østfold
  • Yrke: Sjølvstendig næringsdrivande med gravemaskinfirma
  • Type gard: Har nett teke over familiegarden til sambuaren, planen er å driva med gras, korn og ammeku
  • Tidlegare erfaring: Mjølkeproduksjon, kjøtfe, sau, korn og grasproduksjon
  • Hobbyar: Maskinar, restaurering og planteproduksjon

Eline Røste Lunde (25)

Webportrett Arne Martin og Eline.

Eline arva ein gard i indre Østfold og har budd der i fire år. Saman med Arne Martin ønsker ho å starta opp med ammekyr.

Det er viktig for meg å visa at eg er best. Best i det meste.

  • Frå: Skiptvet i Østfold
  • Type gard: Hest, gris og høns
  • Tidlegare erfaring: Gjekk på hest- og hovslagarlinje på vidaregåande skule
  • Hobbyar: Hest og handball

Nils Ørjan Hamre (19)

Portrett av Nils-Ørjan.

Nils Ørjan skal ta over heimegarden om fem til seks år.

Interessa mi for bondeyrket er så og seie medfødd. Eg har alltid vore interessert i å driva gard, halda på med traktor og alt anna som ein bonde driv på med.

  • Frå: Hovsherad i Rogaland
  • Yrke: Agronom med eige føretak for saueklipping og maskinkøyring
  • Type gard: Storfe, sau og høns som produserer 1500 rugeegg per dag
  • Tidlegare erfaring: Har vore med i fjøset sidan han hang i beremeisen som liten
  • Hobbyar: Nestleiar i Dalane Young Farmers, jakt og saueklipping

Hanne Veikåker (45)

Portrett av Hanne.

Hanne kallar seg Hanne Høne og driv med høglandsfe, skogsgris, hestar og høner. Ho sel økologiske Hannehøne egg til Norgesgruppen.

Det å få driva garden saman med dyra sine er eit eventyr.

  • Frå: Noresund i Buskerud
  • Yrke: Bonde
  • Type gard: Høglandsfe, skogsgris, hestar og høner
  • Tidlegare erfaring: Blomedekoratør og militæret
  • Hobbyar: Hest, elghundar, elgjakt og vinimport

Lisbeth Løken Magerøy (51)

Portrett av Lisbeth

Lisbeth har vore nominert til Dagrosprisen for godt dyrestell.

Då svigerfar skulle slutta med gardsdrifta hoppa eg berre i det. Nå elskar eg yrket mitt.

  • Frå: Farstad i Møre og Romsdal
  • Yrke: Bonde og heimesjukepleiar
  • Type gard: Storfe, fjørkre og gras
  • Tidlegare erfaring: Har drive gard saman med mannen sidan 1990
  • Hobbyar: Handball, strikking, sykling, fjellvandring og motorsykkelturar

May Britt Lode (38)

Portrett av May Britt.

May Britt er storbonde frå Nærbø i Rogaland, og er ei av dei største mjølkeprodusentane i området.

Eg er stolt over å vera frå Jæren, men eg veit at eg skil meg ut frå den typiske jærbonden.

  • Frå: Nærbø i Rogaland
  • Yrke: Bonde
  • Type gard: Gris, mjølk og produksjon av storfekjøt i samdrift
  • Tidlegare erfaring: Storfe og gris
  • Hobbyar: Hund, trening, friluft og sosialt lag

Anne-Rebekka Kulseng-Hansen (25)

Portrett Anne-Rebekka.

Anne-Rebekka eig fire eigne hestar og har tretten hestar på stallen.

Det er eit stort privilegium å veksa opp på gard. Det beste eg veit er å få vera i fjøset med kyrne eller i stallen med hestane.

  • Frå: Harstad i Troms
  • Yrke: Ridelærar og bonde
  • Type gard: Mjølk og hest.
  • Tidlegare erfaring: Oppvaksen på mjølkebruk med 20 kyr
  • Hobbyar: Sprangriding og dressur