Hopp til innhold

Dette kan bli Vestlandet sitt svar på Tusenfryd

Lokale krefter i Haugesund jobbar for å få på plass det som kan bli Vestlandet sin største fornøyelsespark: Temasenteret Vikingland.

Vikingland

VIKINGLAND: Slik ser selskapet Vikinglandet Utvikling AS at ein ny heilårs opplevelsespark på Vestlandet skal sjå ut.

Foto: Steinar Iversen Reklamebyrå

Tore Gautesen

Tore Gautesen har store planar for vikinglandet.

Foto: Privat

Allereie i 2017 kan det vera klart for opning av den største fornøyelsesparken på Vestlandet, skriv i dag Haugesunds Avis.

Det er selskapet Vikinglandet Utvikling AS som i dag går ut og fortel at dei ønskjer å plassera ein fornøyelsespark på 300-400 mål på Haugalandet. Då er ikkje parkeringsareal tatt med. Til samanlikning disponerer Tusenfryd på Austlandet 580 mål.

– Me vil byggja ein fornøyelsespark, eller temapark, i internasjonal målestokk, seier reiselivssjef på Haugalandet, Tore Gautesen.

Lokale krefter i Haugesund jobbar for å få på plass det som kan bli Vestlandet sin største fornøyelsespark: Temasenteret Vikingland. Målet er å bli som parkane barnefamiliar over heile verda valfartar til kvart år. Dei ønskjer å plassera ein fornøyelsespark på 300-400 mål på Haugalandet.

VIDEO: No planleggjast det Vikingland på Haugalandet. Foto: Arne Gunnar Olsen/NRK.

«Disney-opplevingar»

Og målet er parkane barnefamiliar over heile verda valfartar til kvart år.

– Det me jobbar etter, er dei store opplevingane ein kan ha i ein Disney-park, seier Gautesen.

Haugalandet, og då Avaldsnes på Karmøy, er kjent som staden der Harald Hårfagre sin kongsgard i si tid låg. Vikingparken skal bli noko barna kan læra av, seier reiselivssjefen.

– Det har blitt eit viktig tema i mange fornøyelsesparkar barna som kjem, skal sitja att med kunnskap, seier han.

Disneyland Paris

JUBILEUM: Disneyland utanfor Paris feria 20-årsjubileet sitt i mars i fjor.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Kongeparken: – Velkommen!

Arbeidet med planane har pågått i fleire år. Ifølgje Gautesen er amerikanske Itec Entertainment Corporation, som har The Walt Disney Company, Florida, California, Japan and Paris på kundelista, rådgjevarar for parkprosjektet på Haugalandet.

Kongeparken er i dag den største fornøyelsesparken på Vestlandet med sine 300 mål. Håkon Lund, sjef i parken på Ålgård, er berre glad for konkurranse.

Ønskjer seg badeland

– Me tar Vikingland imot med opne armar. Jo fleire opplevingar som kjem til Vestlandet, jo fleire folk vil koma her, fortel han.

Han meiner at Vestlandet har underskot på opplevingar for barnefamiliar.

– Eg skulle også ønska at me hadde eit skikkeleg badeland i regionen. Med fleire opplevingar, får me fleire folk som vil busetja seg her, og det gjer igjen at me får ein betre arbeidsmarknad, seier han.

Nær «gode kommunikasjonspunkt»

Vikingland

KUNNSKAP: Det er ein trend at fornøyelsesparkar som byggjast i dag skal læra barna noko, seier reiselivssjef Tore Gautesen.

Foto: Steinar Iversen Reklamebyrå

Det er ikkje klart kor parken skal liggja, men reiselivsnæringa vil ha ei «sentral plassering».

– Nær dei gode kommunikasjonspunkta, seier reiselivssjef Gautesen.

Det historiske området Avaldsnes ligg på Karmøy, ein stad det blir raskare å nå frå til dømes E39 og Stavanger når T-forbindelsen opnar seinare i år. Haugesund lufthavn er og plassert på Karmøy.

Prisen er førebels hemmeleg

Framtidige vegprosjekt påverkar og plasseringa.

– Ein park ein liten time frå Stavanger når Rogfast opnar, byr på store moglegheiter, seier han.

Parken skal hovudsakleg finansierast av private investorar, men reiselivssjefen ser ikkje vekk ifrå at det offentlege blir med i eit spleiselag. Kos mykje parken kjem til å kosta, vil han ikkje si.