Hopp til innhold

Her finn marinarkeologen truleg hamna til kong Håkon den fjerde

Nærmast ved eit hendig samantreff har arkeologar truleg funne den fleire tusen år gamle hamna, som høyrde til kongsgarden til Håkon Håkonsson på Avaldsnes i Karmøy.

Endre Elvestad under havoverflata på Avaldsnes

UNDERVASSARKEOLOGI: Under sjøen utanfor Avaldsnes har arkeologar funne det som truleg er ei hamn knytt til Kongsgården Håkon 4. Håkonsson hadde her. På bilete er marinarkeolog Endre Elvestad med slamsugar.

Foto: Pål Nymoen

Endre Elvestad

Marinarkeolog Endre Elvestad.

Foto: Marianne Terjesen

I sjøen, like nedanfor Olavskyrkja på Avaldsnes, har arkeologar funne det dei meiner er hamna til kong Håkon 4. Håkonsson.

Tidlegare i år har også arkeologar greve fram sjølve kongsgarden frå 1200-talet, noko som blei kalla eit sensasjonelt funn i arkeologmiljøa.

– Bein og søppel

– Me har aldri funne ei liknande hamn før, derfor er dette utruleg viktig. Ikkje berre for Avaldsnes, men for heile Norge, seier Marit Synnøve Vea, dagleg leiar i Avaldsnesprosjektet.

Ho er i fyr og flamme over funnet, som blei gjort av marinbiolog Endre Elvestad.

Han har i fleire år dykka i sjøen utanfor Avaldsnes på jakt etter funn frå hanseatane på 13- og 1400-talet.

Men på sitt siste dykk i november, fant han ved eit hendig samantreff det som truleg er den ytre hamna til kongsgarden på Avaldsnes.

– Det me faktisk har funne er eit såkalla kulturlag med bein og søppel. Det er grunn til å tru at dette berre er ein promille av det som faktisk finst i området, seier Elvestad.

Birkebeinerne

Maleriet Birkebeinerne av Knud Bergslien frå 1869 syner birkebeinarane Torstein Skevla og Skjervald Skrukka som frakt vesle Håkon Håkonsson, kongssonen, til Nidaros i 1206.

Foto: Knud Bergslien (1869)

Utruleg år

For Avaldsnesprosjektet, som er namnet arkeologijakta på kongsgarden har fått, har 2012 vore eit utruleg år.

Både dette funnet og funnet av kongshallen nær kyrkja under dei arkeologiske utgravingane i sommar, gjer at ein nå kan få eit mykje betre bilete over korleis Avaldsnes såg ut på 11- og 1200-talet.

– Det er viktig å sjå garden i samanheng med hamna. For det er hamna med sjøvegen som har skapt Avaldsnes og ikkje motsett, seier Vea.

Og funna gjer at det nå blir nye utgravingar i åra som kjem, Vea sjølv håper at kongshallen blir greven ut i 2014.

Sjå TV-sak:

Kongsgårdens havn på Avaldsnes er funnet. Oppdagelsen ble gjort nærmest ved en tilfeldighet sent i høst, og gir et helt nytt bilde av hvordan Avaldsnes så ut mot slutten av vikingtiden.

SJÅ VIDEO: Marit Synnøve Vea gler seg over nytt funn på Avaldsnes.